Meny

Heidersmerke til Torkel Myklebust

På fylkesårsmøtet til Rogaland Sp 9.-10.mars 2024 fikk Torkel Myklebust utdelt heidersmerke.

Senterpartiets Hedersmerke kan tildeles tillitskvinner- og tillitsmenn i lokal- og fylkeslag for langvarig og særlig fortjenestefull innsats for Senterpartiet.

For å kunne få Hedersmerket kreves at vedkommende har hatt tillitsverv av særlig betydning, og gjort en særskilt nyttig innsats for partiet, enten innenfor organisasjonen eller i politiske verv, eller en kombinasjon av disse.

Hedersmerket tildeles av sentralstyret/arbeidsutvalget i Senterpartiet etter tilråding fra fylkesstyret. 

Med Hedersmerket følger diplom.
 

Torkel – Kopi.jpg

Frå søknaden frå Suldal Sp;
Torkel Myklebust  har vore aktiv i SP sidan han var ung. 

Det me vil leggja vekt på er hans arbeid for partiet i den tida han har budd i Suldal. Det me vil ta fram  er den politiske delen av hans engasjement. Han kom inn i kommunestyret i 1987, vart ordførar i 1991 og vart attvald i 1995. Han var deretter ute av politikken i 2 periodar. I denne tida var han ein god støttespelar for kommunestyregruppa. I 2007  vart  han vald som ordførar att, han hadde vervet i 2 periodar.

Han var ein godt likt og samlande ordførar. Han var respektert ikkje berre lokalt, men og utafor kommunen.  Han har ein god måte å snakka og uttala seg på noko som gjer at folk lyttar til kva han har å seia, han er svært tillitsskapande.

Han hadde klare tankar om korleis han skulle utøva rolla som ordførar. Det var heile tida Suldal og innbyggjarane sitt beste som var retninga for arbeidet hans. Han var og ein markant talsperson for Ryfylke, ein sterk region ville og koma den einskilde kommunen til gode. Han var samlande person og har vore  svært oppteken av samarbeid både i kommunen og interkommunalt. 

Eit område som ha har arbeida svært mykje med er samferdsel.  Han arbeidde for å  sikra og utbetra vegane våre. RV 13 og rassikring var alltid langt framme. Rødsliane må nemnast spesielt. Det var ikkje berre strekningen gjennom Suldal som var viktig, men heile vegen frå Sandnes(seinare gjennom Ryfast ) til Røldal. I hans tid som ordførar var Suldal med og forskotterte utbetring av RV 13 i  Brattlandsdalen, Torkel var som ordførar og ein pådrivar for å utbetra vegen på Hordaland sida.

Det å få erstatta ferja mellom Sand og Ropeid med bru over fjorden var og noko som opptok han. Planane for Sandsfjordbrua med tilførselsvegar vart godkjente i 2008. Det var først tenkt at brua skulle bompengefinansierast, men eit godt samarbeid mellom Suldal kommune ved Torkel Myklebust og Rogaland fylkeskommune ved Odd Arild Kvaløy gjer at me nå kan køyra fritt. Både kommunen og fylkeskommunen la inn ekstra midlar i prosjektet. 

Anna kommunikasjon som mobil og breiband dekning var og høgt opp på prioriteringslista, noko som ga resultat.

Han arbeidde og for å få kommunale byggjefelt i alle skulekrinsane. 

Volleyballina på Sauda vidaregåande avd  Sand, ToppVolley, er viktig for Suldal og for Sauda vidaregåande. I Torkel si tid som ordførar vart sandhallen bygd, den første innandørshallen for sandvolleyball i Norge. I hans tid vart og grunnlaget for  bygging av Suldal bad gjort. Eit bygg til glede for innbyggjarar og besøkande i kommunen, men og viktig  for Topp Volley. Internatet som Topp Volley nyttar har fram til i fjor vore  eigd og drifta av Rygjatun Eigedom AS eit heileigd kommunal selskap. Der har Torkel vore styreleiar dei siste åra.Han var pådrivar for å få ei skikkeleg oppgradering av den eldste delen av bygningsmassen. Det arbeidet er nå i gang, til det beste for elevane, skulen og for Suldalssamfunnet.

I perioden etter han slutta som ordførar var han med i fylkestinget og var med i regional-, kultur- og næringsutvalet.

Han var i den perioden  med  som Rogaland sin representant i Nasjonal rassikringsgruppa og viste eit stort engasjement for å trygga og rassikra vegane.

Både som ordførar og i tida etter har han vore og er framleis ein mann som er lett å be om råd og å diskutera god løysingar med, ein god rollemodell.

Som ordførar i Suldal var han i fleire år  leiar i Ryfylkerådet, eit verv han utførte til det beste for heile regionen. Han var og med i landsstyret i Utmarkskommunanes landsamanslutning, USS, og i verneområdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Frafjordheiane  verneområde, SVR.

I perioden 2015-2019 var han i fylkestinget, der han tala Ryfylke og distrikta si sak. Han har og frå 2015 fram til 2023  vore representant for Rogaland fylkeskommune  i Ulla Førre fondet, der han og var styreleiar. 

 

Oversikt over politiske verv

Kommunestyremedlem 1987 -1991
Ordførar  1991-1997, kommunestyremedlem 1997-1998
1992 – 1993 leiar for arbeidsutvalet i Ryfylkerådet
1993 – 1995 vara rådsordførar i Ryfylkerådet
1995 – 1997/98: Var med i arbeidsutvalet i Ryfylkerådet
Ordførar 2007-2015
2007 – 2013 rådsordførar i Ryfylkerådet
Fylkestinget: 2015-2019
Medlem i regional ,kultur og næringsutvalet 2015-2019
Medlem i Nasjonalrassikringsgruppe. 2015-2019
Leiar Ulla Førre fondet: 2015-2023
Landsstyremedlem i Utmarkskommunes sammenslutning, USS