Meny

Årsmøte Hjelmeland Sp, 29.01.24

Innkalling årsmøte i Hjelmeland SP måndag 29.01.24
Kl 1900 Spinneriet, Hjelmeland.

 

Årsmøtefest  29.01.24  Hjelmeland Senterparti.jpg

Saksliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar
  3. Val av referent og to til å skriva under protokollen
  4. Val av teljekorps
  5. Årsmelding 2023 og arbeidsplan 2024
  6. Rekneskap 2023 og budsjett 2024
  7. Val
    Styret:
    Leiar for 2 år
    Eit styremedlem for 2 år
    3 nye varamedlemmer for 1 år

Revisor for 1 år
Valnemnd:
Eit nytt medlem for 3 år
3 utsendingar til fylkesårsmøtet 9.-10. mars i Haugesund
(5 totalt. Ordførar og lokallagsleiar + 3 valde utsendingar)

      8 . Innkomne saker frå medlemmene

Styret Hjelmeland Senterparti 14.01.24


Hjelmeland Senterparti - Årsmelding 2023
Årsmøte 2023 blei arrangert 01.02.23 med 9 frammøtte.

Styrearbeid
Styret har hatt fem styremøte, både analoge møter og på Teams. Mykje av arbeidet har vore prega av valåret og valarbeid. Styret har prioritert innkjøp av ein del nytt valutstyr. Valstand starta opp i juni og det var viktig for styret å planlegga å prioritera synleg valkamp i heile kommune, i alle bygder. Det er lagt ned mykje arbeid i valkamp gjennomføring, eigenproduksjon og trykking av valprogram og aktiv bruk av sosiale media (SoMe). 

Programarbeid og nominasjonsliste kommunevalet og kommunestyreperioden 2023-2027
Programkomité var:

  • Dagfinn Svadberg Hatløy
  • Kristin Kostøl Helgaland
  • Oddvar Skiftun
  • Anita Husøy Riskedal

Programkomiteen hadde 4 møte. Mykje godt arbeid frå komiteen, medlemmer og i medlemsmøte blei lagd ned. Resultat blei eit godt og innhaldsrikt program med godt språk og målføre.

Krevjande og godt arbeid blei lagd ned i arbeidet med nominasjonslista for kommunevalet. Ein god del personar takka nei til ny periode. Det var lenge krevjande å få meir enn 12-13 kandidatar til ny liste, men godt og breitt arbeid frå mange på slutten ga ei rekordstor liste med 22 kandidatar. Ei liste med god spreiing frå heile Hjelmeland og kandidatar som kjenner sin kommune og sitt lokalmiljø godt. Me var særleg nøgd med å ha god spreiing på kandidatar i bakgrunn, alder, geografi og god blanding privat og offentleg sektor.

Program og nominasjonslista blei vedteken i eige medlemsmøte 23.02.23 med godt oppmøte.

Så elles pressemelding frå 26.03.23 i slutten av årsmeldinga.

Valarbeid og valkamp
SoMe
Alle kandidatar blei fotografert og videofilma allereie i april. Avsparkmøte for valkampen blei arrangert 6. juni i Hjelmelandsvågen. Foto og film blei nytta svært aktivt på SoMe til å presentera alle kandidatar, valprogrammet vårt og hjartesaker til alle kandidatar. Me vedtok og gjennomførte ein strategi om å starte valkampen tidleg. Mange førehandstøystar og det er viktig å vere synleg over tid for å nå veljarane.

Valstand
Valstand starta opp i juni og det var viktig for styre å planlegga å prioritera synleg valkamp i heile kommune, i alle bygder.

Det blei til saman gjennomført stand 10 dagar. Fister (1), Jøsenfjord (1), Årdal (2), Hjelmeland (4) og Ryfest på Hjelmeland (2 dagar). Sp sin stand på Ryfest laurdag 2. og sundag 3. september var framifrå og den klårt beste av alle parti som deltok. Styret vil retta ei særleg takk til ei svært aktiv kommunevallista og andre medlemmer, som alle bidrog til gjennomføring av alle stander og ein aktiv valkamp. Me hadde ein svært aktiv og synleg ordførarkandidat Anita i heile valkampen.

Dette ga eit valresultat over det med torde å håpa på. Valkvelden ga 48,2 % oppslutnad og framleis 9 i kommunestyre. + 0,9 % over rekordvalet i 2019. Me fekk 675 av 1420 stemmer. Ein samarbeidsavtale med Ap og SV gir oss eit godt styringsfleirtal for perioden 2023-2027.

Styret vil rette ei stor takk til dei som gjekk ut av kommunestyre:
Harald Ommundsen, Arne Kleppa, Endre Gjil, Lill Synnøve Laugaland og Kristin Kostøl Helgaland


Arbeid i kommunestyregruppa
Det er gjennomført 18 gruppemøte i 2023 med godt oppmøte, gode diskusjonar og godt politisk arbeid. Sjå elles eiga melding frå gruppeleiar Arthur Egeland.

Fylkesårsmøte 18.-19.02 i Stavanger
Me deltok med 5 representantar på fylkesårsmøte.

Anna
25. september arrangerte me treff for den nye kommunestyregruppa. I samband med møte var det og treff med Forskings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch som var på besøk i Hjelmeland den dagen.

Bilde1.jpg

PRESSEMELDING
VALLISTE HJELMELAND SENTERPARTI KOMMUNEVALET 2023
HJELMELAND SENTERPARTI – «BEST PÅ HJELMELAND»

Hjelmeland Senterparti er stolt av å presentera ei rekordstor valliste for kommunevalet 2023.

Vallista blei samrøystes vedteke på Hjelmeland Senterparti sitt nominasjonsmøte 23. februar.

Lista her heile 22 kandidatar med god spreiing frå heile Hjelmeland og kandidatar som kjenner sin kommune og sitt lokalmiljø godt.

Hjelmeland Senterparti er særleg nøgd med å ha god spreiing på kandidatar i bakgrunn, alder, geografi og god blanding privat og offentleg sektor.

Nåverande ordførar i Hjelmeland, og Senterpartiet sin ordførarkandidat til kommunevalet i år, Anita Husøy Riskedal, ser fram til å drive valkamp med denne solide lista i ryggen.
Me vil bygge vidare på god og stabil kommuneøkonomi etter åtte år med Hjelmeland Senterparti i posisjon. Dette blir eit flott lag å drive valkamp med kor me har mykje god politikk for å vidareutvikle Hjelmeland som eigen kommune, som ein god plass å bu i, og virke i for eit framtidsretta næringsliv.

Viktige saker for Hjelmeland Senterparti:
Tenester nær folk
Trygge oppvekstmiljø
Gratis barnehage
Meir bustadbygging
Meir næringsareal
Matkommunen Hjelmeland
Uformelle møteplassar
Rassikring og utbetring av RV 13
Fullføre breibandutbygging
Sikker straumforsyning
Meir nærkraft og fornybar energi

For eit Hjelmeland med tenester nært alle i heile kommunen, eit velfungerande lokaldemokrati der di meining betyr noko, og der næringslivet får gode, berekraftige vilkår!
 
Hjelmeland Senterparti ved Styret 26.03.23


Arbeidsplan 2024

  • Årsmøtefest 29. januar
  • Fylkesårsmøte 9.-10. mars Haugesund - resolusjonar
  • Styrearbeid
  • Arbeid i kommunestyregruppa
  • Bruke av SoMe til politikkdeling, medlemskontakt og informasjon
  • Verve medlemmer – auke medlemstalet til 75 frå om lag 60 i dag innan 01.07.24
  • Medlemstur til Helgaland ein laurdag i juni. Vertskap Kristin Kostøl Helgaland
  • Nominasjonsmøte Stortingslista Rogaland  - Stortingsvalet 2025
  • Søke og registrere politisk arbeid i Senterpartiet sin kursportal – gir tilskot og støtte til lokalpartiet

Styret Hjelmeland Senterparti 14.01.24