Meny
Mathilde Pechtold

­- Dette er noko for meg!

Sist endret: 09 01 2023

Etter nyttår var det eit nytt fjes å sjå inne på senterpartikontoret i Østfold. 23-åringen Mathilde Pechtold frå Båstad i Indre Østfold gler seg til å ta fatt på nye oppgåver som fylkessekretær i Østfold, sjølv om ho ikkje er heilt framand i senterrørsla.

Alt har ein slutt, og etter fleire tiår som fylkessekretær går Anne Koht-Nordbye av med pensjon i mars. Men allereie frå 1. januar var arvetakaren på plass. 

- Dette blir veldig spanande. I Senterpartiet har ein moglegheiter til å utvikle seg og følgje den politiske situasjonen både i landet og lokalt som fylkessekretær. Dette var ein gylden moglegheit, så den tok eg, smiler den nytilsette fylkessekretæren.

 

Erfaren trass alderen 

Pechtold går inn i jobben med ein bachelor i kultur og samfunnsfag i ryggsekken. I tida mellom ho vart ferdig med utdanninga våren 2022 og fram til januar har ho arbeidd ved Politiets utlendingsanstalt som 1. konsulent. Men ho skiftar likevel ikkje heilt beite når ho no går inn i den nye jobben som fylkessekretær.  

- Eg har vore medlem i Senterungdomen sidan 2016, har hatt verv både på lokallagsnivå og fylkesnivå, fortel ho. 

Så då jobben var ledig var ho snar med å søke. 

- Då eg såg utlysinga tenkte eg at dette er noko for meg. Eg er veldig glad i å ta del i og bidra utan å vere hovudpersonen som står fremst. Eg likar å organisere og leggje til rette for andre, seier Pechtold. 

 

Ser fram til valkamp 

Framover er det fleire ting ho gler seg til. 

- Det å få bli kjend med alle og bidra. Og så gler eg meg til valkamp! Det blir kjempespanande, seier ho engasjert. 

Men endå er det eit par månadar til Pechtold vert åleine på kontoret og Koht-Nordbye går inn i pensjonisttilveret. Pechtold fortel at det er godt å vere i gong. 

- Det er veldig deilig. Eg føler meg trygg og ivareteken. Anne kan utruleg mykje, så det er fint at ho kan lære vekk litt av kunnskapen sin. Så lærer vi mykje av kvarandre. Sjølv om eg heilt klart lærer mest av ho, avsluttar Pechtold. 

Relaterte personer

Mathilde Tyrihjell Kvernenes

Mathilde Tyrihjell Kvernenes

Fylkessekretær i Østfold (i permisjon) Telefon: 984 22 931