– No får du billegare vatn og avløp – ny momsreduksjon sparer deg for ein tusenlapp

– Senterpartiet fekk gjennomslag for denne viktige momsreduksjonen då vi sat i regjering, og no trer ho endeleg i kraft. Dette er eit treffsikkert tiltak for å gjere kvardagen litt rimelegare for folk flest – uansett om du bur i by eller bygd, seier Sande.
Ei hushaldning som betaler 12 500 kroner i gebyr for vatn og avløp, vil få ei letting på om lag 1 000 kroner i året. For dei fleste hushaldningar blir det spart mellom 1 000 og 1 500 kroner.
– Dette handlar om noko så grunnleggande som vatn i springen og do som skyller. Vi meiner det aldri burde vore 25 prosent moms på slike tenester. Ambisjonen vår er å fjerne heile momsen på vatn og avløp i neste stortingsperiode, seier Sande.
– Vi må gjere kvardagen rimelegare
Sande peikar på at avgifter ofte slår skeivt ut og er usosiale.
– Enten du tener mykje eller lite, så betaler du like mykje i moms. Difor er slike avgiftskutt blant dei mest rettferdige tiltaka vi kan gjennomføre. Og det er i distrikta kostnadene til infrastruktur ofte er høgast – det må vi ta på alvor, seier han.
Senterpartiet har òg fått gjennomslag for kutt i elavgifta. Frå 1. oktober blir ho sett til 5,39 øre/kWh i dei kaldaste månadene, og 12,53 øre resten av året.
– Vi har sørga for lågare straumrekningar i vintermånadene, når behovet er størst. I 2021 auka Høgre-regjeringa elavgifta kraftig – det har vi snudd. For oss handlar det om tryggleik og økonomi for folk flest, seier Sande.
Vil kutte matmomsen
Neste steg er matvarene, ifølgje Sande.
– Prisane i matbutikken har skote i vêret. Det gjer kvardagen tøffare for mange. Difor jobbar vi no for å redusere matmomsen frå 15 til 10 prosent, seier han.
Skatteetaten er alt i gang med å klargjere systema, slik at dette kan gjennomførast raskt dersom Senterpartiet får gjennomslag.
– Ein vanleg tobarnsfamilie kan spare rundt 7 500 kroner i året. Det er eit kutt som merkast i lommeboka – og som spesielt kjem dei med minst til gode. Alle må ha mat, og den skal vere trygg og rimeleg, seier Sande.
Seier nei til Høgre sitt avgiftsskred
Sande åtvarar mot Høgre sitt alternative statsbudsjett, som han meiner vil gjere kvardagen dyrare for folk over heile landet.
– Høgre vil auke avgiftene med over fem milliardar kroner. Dei vil gjere mat, drivstoff og til og med bøker dyrare. Det er ikkje småtteri, og det råkar vanlege folk i heile Noreg – særleg i distrikta, seier Sande.
– Vi i Senterpartiet meiner det motsette: Politikken skal gjere det enklare å bu og leve i heile landet. Difor kuttar vi avgifter – vi aukar dei ikkje, avsluttar han.