Ambulanseberedskapen må styrkast, ikkje svekkast
Noreg har store geografiske skilnader med lange avstandar, spreidd busetnad og krevjande verforhold. Det gjere at ambulansetenesta ikkje kan organiserast likt i heile landet. I område med lange avstandar kan eitt oppdrag binde ein ambulanse i svært lang tid. Dimensjoneringa av tenesta må difor ta omsyn til meir enn talet på oppdrag. Geografi, transporttid, samtidige hendingar og behovet for å oppretthalde lokal beredskap må også inngå i vurderingane.
Representantane peikar på at ambulansetenesta er ein av dei viktigaste delane av helseberedskapen, og at tidleg hjelp kan bety forskjellen mellom liv og død. Fleire helseforetak vurderer no å leggje ned ambulansestasjonar, redusere talet på ambulansar og erstatte desse med såkalla «ein-reddarar», som er akuttbilar bemanna med ein person og utan båre eller mogelegheit til å frakte pasientar.
– Når sjukehus blir sentraliserte og reisevegane blir lengre, må ikkje ambulansetilbodet byggjast ned, men tvert imot rustast opp. Alle innbyggjarar i Noreg skal ha tryggleik for at hjelpa kjem raskt, om dei bur i Geiranger, Steigen eller Bergen, seier Toppe, Lien og Bentzen.
Senterpartiet vil be regjeringa leggje fram ei sak for Stortinget i løpet av 2027, der krav til forpliktande bemanning, krav til kvalitet og responstid vert definert. Partiet krev òg at responstida vert offentleggjort på kommunenivå, at planlagde ambulansekutt blir satt på vent, og at nye akuttbilar med berre éin tilsett ikkje blir satt i drift før dei er regulert i forskrift.
Forslaget inneber òg at kommunar og brannvesen skal få økonomisk kompensasjon når dei utfører oppgåver som eigentleg ligg til ambulansetenesta, og at heile ventetida frå naudmeldinga kjem inn skal telje med i målinga av responstid.
– Ei sterk og lokal ambulanseteneste er avgjerande for like helsetenester i heile landet. Difor må beredskapen styrkast, ikkje svekkast, avsluttar Kjersti Toppe, Geir Inge Lien og Bent-Joacim Bentzen.