Meny
Fly-Flyplass-Sandane-mai-2018_42579152041_o

Eit land vert knytt nærare

Sist endret: 28 03 2023

Frå 1. april 2024 kuttar vi kraftig i billettprisane på ruter på 24 av dei minste distriktsflyplassane våre. Flyplassar som Florø, Førde, Sandane, Sogndal, Stord og Ørsta-Volda, skriv Erling Sande, Geir Inge Lien og Hans Inge Myrvold.

Av Erling Sande (Sp) stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Geir Inge Lien )Sp) stortingsrepresentant for Møre og Romsdal og Hans Inge Myrvold (Sp) stortingsrepresentant for Hordaland.

Ved framlegginga av nyheita spurte NRK sin reporter Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum om kvifor det var riktig å bruke skattebetalarane sine pen[1]gar på dette.

Svaret er fordi vi er eit land. Eit land som det er ei hovudoppgåve for oss å knyte nærare saman.

Det er ei fellesskapsinteresse at resten av landet har eit godt kollektivtilbod til kysten og fjordane på vestlandet, og omvendt.

Med rimelegare billettar verte det lettare å reise for studentar som skal heim, næringsliv som skal byggje landet, turistar frå inn og utland som vil sjå heile landet eller vi frå distrikta som vil bruke tilbodet i hovudstaden.

Gjennom tettare kontakt mellom folk leggjast det til rette for meir verdiskaping. Noko som er ekstra viktig i eit langstrekt land som Noreg, med store naturressursar over heile landet.

Difor halverer vi maksprisen på alle FOT-rutene, og tar inn ruta Stord–Oslo i FOT-rutetilbodet, frå 1. april 2024. Maksprisen er ofte lik det vi kjenner som ein fullt fleksibel billett.

Dette er verkemiddelet vi har i utforminga av FOT-anboda. Halvert makspris vil og føre til ein kraftig reduksjon i dei rimelegare billett-typane.

Vi satsar på busetting og aktivitet i heile landet. Difor har vi gjort dei minste ferjesambanda gratis, halvert prisen på alle dei andre ferjene og no halverer maksprisen på mange av flyrutene til område utanfor dei største byane.

Slik verte heile landet knytt nærare.

Relaterte personer

Geir Inge Lien

Stortingsrepresentant (Møre og Romsdal)
• Medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen


Rådgiver:
Øyvind Bentås, [email protected], 993 12 417
Telefon: 233 13 427 Les mer

Hans Inge Myrvold

Stortingsrepresentant (Hordaland)
• Medlem i Energi- og miljøkomiteen

Rådgiver
Jon Magnus Kirkeby, [email protected], 468 79 382
Telefon: 233 13 427 Les mer