Gå til hovedinnhold

FrP setter norsk mattryggleik på spel

2025 Norske grønnsaker, agurk og rødkål og norsk laks
I ei tid der verda opplever store klimakriser som rammer landbruket, og større politisk ustabilitet enn på fleire tiår, skulle ein tru at alle partier var opptekne av å styrke norsk matproduksjon og mattryggleik. Derfor er det oppsiktsvekkande å se at Framstegspartiet no tek til orde for å fjerne tollvern, kvoteordningar, konsesjonsgrenser og andre verkemiddel som bidreg til å sikre matproduksjon over heile landet, seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Erling Sande.

– I Noreg har vi fjell, fjordar og krevande naturgitte tilhøve. Skal vi kunne produsere mat i hiele landet, må vi ha ein politikk som sikrar produksjon både på Vestlandet, i Nord-Norge og i distrikta ellers. FrPs framlegg om å fjerne tollvernet vil føre til sterk sentralisering av landbruket og gjere det vanskelegare å oppretthalde matproduksjonen i store deler av landet. Vi kan ikkje gjere oss avhengige av import. Senterpartiet meiner at norsk mat skal produserast på norske ressursar, av norske bønder og i heile Noreg. Derfor forsvarer vi tollvernet, markedsordningane og verkemidla som gjer det mogleg å drive landbruk frå Lindesnes til Finnmark, seier Sande.

– FrPs framlegg er eit varsko til alle som er opptekne av norsk matproduksjon, beredskap og levande lokalsamfunn. Vi kan ikkje gamble med matforsyninga vår. Senterpartiet vil styrke bonden. FrP vil fjerne verktøya som gjer det mogleg å være bonde i store deler av landet, avsluttar Erling Sande.