Meny
barn

Gi Charlotte ein fosterheim

Publisert: 02 07 2024

Ein av mine aller første reiser som statsråd gjekk til ein barneverninstitusjon. Der møtte eg ei jente. La oss kalle henne Charlotte. Eg fekk snakke med henne aleine, utan resten av følget, skriv Kjersti Toppe.

- av barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). Innlegget stod på trykk i avisa Dagen 29. juni 2024.

For det er jo gjerne mange med i følget på slike statsrådsbesøk. Det blei eit møte eg ikkje kjem til å gløyme. Ho var ei nydeleg jente. Cirka 12 år. Langt fint mørkt hår med bølger. Kledd i lysgrå joggedress, lik den jentene mine ofte går i heime.

Først flytta ho med familien. Dei hadde dårleg råd og måtte stadig  finne seg nye (dårlege)plassar å bu. Så flytta ho med barnevernet. Barnevernet klarte ikkje å gi ho den stabiliteten ho som barn trengte. Ho hadde kontakt med faren, men lite  kontakt med søskena. Dei  var ivaretatt i andre barnevernstiltak langt vekke. Det var ikkje aktuelt for henne å flytte heim. Det var både ho og faren einige om.  Ho snakka om alt dette som ein vaksen. Roleg. Nøktern.  

Kjersti Toppe 2024.jpg
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp)

Charlotte hadde vore på ulike tiltak men fekk endeleg  ein fosterheim ho treivst i . Men så blei  fostermora alvorleg sjuk. Charlotte måtte flytte. Igjen.  Difor var ho no på ein akuttinstitusjon. Der hadde ho allereie vore for lenge. Ho ville gjerne få lov å bu i ein  ny fosterheim. Men det var ingen ledige. Så sa ho desse orda til meg: « No ventar eg berre på at nokon vil ha meg».  Orda slo meg hardt i hjartet. Eg  heldt på å breste i gråt. Eg fekk lyst å ta ho med meg heim sjølv, på rappen. Så ei god jente.

Køen av eldre som treng ein sjukeheimsplass er ofte oppe til politisk debatt, både lokalt og nasjonalt.. At vi har ein kø av eldre  som treng sjukeheimplass men som ikkje får det, er sjølvsagt veldig alvorleg. Men køen av barn som treng fosterheim, snakkar ein mindre om. Kvifor det? Er det ikkje like viktig?

Eg meiner det er svært viktig. Fosterheimskøen er ein kø  vi ikkje kan forsvare. Som vi ikkje kan tåle. Ein kø som går ut over sårbare barn, som Charlotte. Som gjer at barn ikkje får ein trygg og god og normal oppvekst, når dei kunne fått det. Barn i barnevernet er som alle andre barn, dei er forskjellige. Barn i barnevernet treng det same om andre barn, ein trygg familie å vekse opp i. Det må vi som samfunn klare å gje dei. Det klarar vi ikkje å gje alle barn i dag.

Det er om lag 9000 barn i Norge i fosterheim i dag. Men det er likevel omlag 200 barn som til ein kvar tid ventar på ein fosterheim å bu i. Det er store utfordringar med å både skaffe nok fosterheimar, og å skaffe fosterheimar i nærleiken slik at barn slepp å flytte langt vekk. Det er også ei utfordring at fosterforeldre gir seg, at dei ikkje klarar å stå i oppdraget over tid. Det handlar ikkje om  barna, men om at oppfølging og rammer gjerne er for dårlege.

Det ynskjer eg og regjeringa å gjere noko med. I statsråd den 21.juni 2024 la eg  fram ei ny fosterheimsmelding. Der kjem vi med mange nye satsingar for at fleire barn kan få ein god fosterheim å bu i, og at fleire familiar vil bli fosterfamiliar. Vi foreslår blant anna at fosterforeldre må bli kompensert for manglande tenestepensjon. Fosterforeldre som har eit stort hjarte for andre barn, må ikkje  straffast økonomisk, og tape pengar på jobben dei gjer. Fosterheimar må også sikrast god oppfølging og hjelp når dei treng det.

Målet vårt er å gi barn som ikkje har ein eigen familie å vekse opp i, som Charlotte,  ein ny,  trygg heim. Ein heim  som finnast ein plass ikkje langt vekke. Ein fosterheim som barn ikkje skal vente lenge på.