Gå til hovedinnhold

Gjeninnfør avgiftskutta på bensin og diesel

c6g2nyhdqf
Vi meiner avgiftskutta på bensin og diesel må gjeninnførast for å sikre folk og næringsliv i heile landet meir føreseielege kostnader, seier dei 107 ordførarane som har slutta seg til eit opprop som Sp-ordførar Lars Fjeldstad i Osterøy har teke initiativ til.

– Kommunane våre er ulike, men vi har eit felles ansvar for å sikre gode levekår for innbyggjarar og næringsliv i heile landet, seier Lars Fjeldstad.

– På dette grunnlaget har eg teke initiativ til eit felles opprop frå ordførarar over heile landet, retta til alle parti på Stortinget, om å gjeninnføre avgiftskutta på bensin og diesel. 107 ordførarar frå ulike parti over heile landet har no slutta seg til oppropet, seier Fjeldstad.

Avgiftskutta vart fjerna 1. september 2026, og drivstoffprisane skaut i veret med det same.

Verknaden råkar sterkast der avstandane er lengst og alternativa til bil er færrast. Mange innbyggjarar opplever ein pressa økonomisk kvardag, og for svært mange er bilen ikkje eit val, men ein føresetnad for å kome seg til arbeid, levere barn i barnehagen og delta i fritidsaktivitetar.

Samstundes er store delar av norsk næringsliv avhengige av transport. Entreprenørar, handverkarar, varetransportørar, landbruket og fiskerinæringa er mellom dei som er direkte påverka av drivstoffkostnadene.

– Auka avgifter slår raskt inn i kostnadsnivået og svekkjer konkurransekrafta til verksemder som skaper arbeidsplassar og verdiar over heile landet, seier han.

I oppropet oppmodar dei 107 ordførarane dei parlamentariske leiarane på Stortinget om å arbeide for at avgiftskutta på bensin og diesel blir gjeninnførte, og slår fast at ei gjeninnføring vil bidra til:

• å lette kvardagen for familiar som er avhengige av bil

• å dempe kostnadspresset for næringslivet

• å styrkje konkurransekrafta til bedrifter i heile landet

• å sikre meir likeverdige vilkår mellom by og distrikt

• å hindre at auka transportkostnader blir velta over på forbrukarane gjennom høgare prisar.


– Noreg er eit langstrekt land med store geografiske avstandar, og politikken må ta omsyn til dette. Skal vi halde oppe busetjing, verdiskaping og aktivitet i heile landet, må folk og bedrifter ha føreseielege og bærekraftige rammevilkår. Avgiftsendringa 1. september gjekk motsett veg, og ho bør reverserast, seier Lars Fjeldstad.