Gode skular over heile verda
Den 24. januar er den internasjonale dagen for utdanning. Heime i Noreg er ein god skule det viktigaste me kan gjera for å få ned sosiale skilnadar. Gode skular i hele landet med fleire lærarar og eit styrka lag rundt eleven er nøkkelen. Samstundes må me bidra internasjonalt for at fleire barn og unge i verda skal få utdanna seg.
- av Maren Grøthe (til venstre på bildet) og Aud Hove, Senterpartiets medlemar i Stortingets Utdannings- og forskningskomite
Utdanning er ein grunnstein i berekraftig utvikling og FN sine berekraftsmål. I følge FN er det i dag 244 millionar barn og unge som ikkje har moglegheita til å starte på eller fullføre skulegangen sin. Det er altfor mange. Senterpartiet jobbar for at fleire skal få ta utdanning, og har i bistandspolitikken for eksempel satsa på skulemat, meir og betre seksualundervisning og utdanning i konfliktområder.
Me veit at skule og utdanning er det viktigaste for å få ned sosiale skilnadar, og skulegang er grunnlaget for å gi alle menneske moglegheiter. Jenter og gutar skal ha lik tilgang til gratis utdanning med god kvalitet. I tillegg er det viktig at utdanninga er desentralisert, anten det er i Noreg eller i utlandet.
Frå 2013 til 2021 vart det lagt ned 221 offentlege barneskular. Det tyder at elevar rundt om i heile landet vart sentralisert vekk frå heimbygda si. I tillegg sto lokalsamfunn igjen utan sin skulen. Me i Senterpartiet meiner at det er viktig at elevar skal kunne gå på ein skule nært der dei bur. Seksåringar skal ikkje bruke fleire timar på skulebussen kvar dag.
I store system blir menneska små. Difor har Senterpartiet i regjering løfta kommuneøkonomien generelt, i tillegg til at vi gir alle kommunar 500.000 kroner ekstra per skule. Dette gjer at fleire elevar og lokalsamfunn får behalde skulen sin.
Den internasjonale dagen for utdanning er ein viktig dag for å setje fokus på kor viktig utdanning er for å nedkjempe sosiale skilnadar, både i inn- og utland. Difor kjempar Senterpartiet for betre og meir utdanning, og gode skular i heile verda!