Hugs «Senterparti-frådraget» i skattemeldinga
Det er gode grunnar til at vi i Senterpartiet er opptekne av akkurat dette frådraget.
For folk som bur utanfor dei største byane, er reiseutgifter ein stor del av kvardagen. Mange pendlar langt for å kome seg på jobb, og då betyr reisefrådraget mykje for økonomien. Under Solberg-regjeringa vart reisefrådraget kutta kraftig – mange tapte tusenvis av kroner, og ca. 200 000 personar mista reisefrådraget heilt.
Senterpartiet har alltid vore tydelege på at staten ikkje skal straffe folk for å bu utanfor dei største byane. Difor har vi kjempa for å styrke reisefrådraget – og vi har fått det til.
Frå 2021 til 2025 har satsen auka frå 1,56 kr/km til 1,83 kr/km, og den nedre grensa er redusert frå 23 900 kroner til 15 250 kroner. Dette er pengar rett i lomma til vanlege arbeidsfolk. Vi meiner det skal lønne seg å bu og arbeide i heile landet, ikkje berre i dei største byane.
Styrkinga av reisefrådraget er ein del av Senterpartiet sitt arbeid for å redusere avstandsulemper og sikre busetjing i heile landet. I tillegg har vi fått gjennomslag for halverte ferjeprisar, gratis ferje på små samband og halverte flyprisar på kortbanenettet.
– Vi har vist at vi prioriterer vanlege folk framfor store skattekutt til dei rikaste. Med Senterpartiet får pendlarane fradraga sine tilbake, og vi vil halde fram med å kjempe for ein rettferdig politikk for distrikta.
Sjå kva dette betyr for kommunen din
-
1 mb PDF Publisert 09. mars 2026 kl. 08:56