Gå til hovedinnhold

Kutt ventetida, bruk kapasiteten ved Lærdal sjukehus

Lærdal sykehus 290925 Vedum Toppe og Sande
Senterpartiet vil ta i bruk kompetansen og kapasiteten ved Lærdal sjukehus for å få ned ventetidene i regionen. Etter at ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus vart lagt ned med støtte frå Arbeiderpartiet, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne, meiner Senterpartiet at det er heilt nødvendig å sikre at ressursane ved sjukehuset ikkje blir ståande ubrukt – samstundes som pasientar ventar altfor lenge på operasjon.

– Vi kan ikkje akseptere at pasientar står i lange køar, samstundes som vi har ferdig utstyrte operasjonsstover og fagfolk som kan gjere jobben. Senterpartiet vil bruke kapasiteten ved Lærdal sjukehus aktivt for å få ned ventetidene og redusere fristbrota i regionen, seier Senterpartiets si Kjersti Toppe, leiar for Stortinget sin helse- og omsorgskomité.

Lærdal sjukehus vil snart ha tre velutstyrte og fullt operative operasjonsstover som står ledige, og sjukehuset vil ha tilgang på kvalifisert operasjons- og anestesipersonale. Senterpartiet vil difor etablere eit eige ventelisteprosjekt ved Lærdal sjukehus.

Senterpartiet peikar på at eit ventelisteprosjekt ved Lærdal sjukehus vil gi fleire gevinstar: Pasientar får behandling innanfor det norske, offentlege helsevesenet, ein nyttar ledig og fullt tilgjengeleg operasjonskapasitet, ventelister og fristbrot går ned, og Helse Førde får inntekter frå operasjonsareal som elles ville stått unytta. Ei slik løysing kan òg vere meir berekraftig og samfunnsnyttig – og vesentleg billegare enn andre løysingar som blir vurderte.

– Når vi har ledig offentleg kapasitet, er det både klokt og rettferdig å bruke den før vi sender pasientar rundt i systemet eller kjøper dyrare løysingar. Eit ventelisteprosjekt ved Lærdal sjukehus kan gi raskare behandling, mindre fristbrot og betre utnytting av fellesskapet sine ressursar, seier Erling Sande, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

På denne bakgrunnen vil Senterpartiet at Stortinget ber regjeringa sikre at det snarast – og innan 1. august 2026 – blir etablert eit ventelisteprosjekt ved Lærdal sjukehus for å ta ned helsekøen i regionen.