Martin Leigland ny kommunikasjonsrådgjevar i Sp
Martin Leigland (30) har no starta som kommunikasjonsrådgjevar i Senterpartiets stortingsgruppe, og skal mest arbeida med innhaldsproduksjon og sosiale medier. Martin kjem opphavleg frå Strandvik i Bjørnafjorden kommune, men er no busett i Frogner i Lillestrøm kommune.
Martin Leigland starta som praktikant i Screen Story AS i 2016. Han flytta til Oslo i 2019 og byrja som fotojournalist for NRK og TV2. Han jobba for både NRK og TV2 fram til 2024, og har hatt frilansoppdrag på sida av.
Martin har bachelor i fjernsyns -og multimediaproduksjon frå Universitet i Stavanger, der han var ferdig utdanna i 2017.
- Eg har jobba som profesjonelt som videograf, fotograf og klippar sidan 2016. I 2019 byrja eg som fulltids frilansar, og jobba mest med nyheiter i TV2 og NRK som fotojournalist, seier han.
- Eg gler meg til å arbeida i Senterpartiet fordi eg alltid har hatt lyst til å jobba tettare med politikk, og fordi Senterpartiet av erfaring er stappfullt av menneske med både lyst og vilje til å gjere heile Noreg til eit bedre land å bu i, avsluttar Martin.