Noreg får betre marknadstilgang enn EU til verdas største land

– Avtalen gjev store delar av norsk næringsliv tollfri tilgang til verdas mest folkerike land. India har god økonomisk utvikling, noko som gjev næringslivet vårt store moglegheiter, seier Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet.
Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits på den eine sida og India inngjekk ein handelsavtale 10. mars 2024. I dag trådde avtalen i kraft. Frå og med i dag kan 42 prosent av norske varer eksporterast tollfritt til India. Ytterlegare tollsatsar vil bli reduserte dei neste ti åra, slik at 92 prosent av norsk eksport vil vere tollfri til India i 2035. India er verdas femte største økonomi, men har svært høge tollsatsar. Difor er det ein stor fordel at norske næringslivsaktørar no får betre tilgang til eit av verdas raskast veksande marknader.
– Frihandelsavtalen med India viser fordelane ved at Noreg står utanfor EU. No får norsk næringsliv betre vilkår i handel med India enn om vi hadde vore EU-medlemmer. Dette kjem i tillegg til fleire avtalar Noreg har inngått der vi har betre marknadstilgang enn EU, som med Indonesia, Malaysia, Thailand, Filippinane og Gulf-landa, seier Sande (Sp).

I førre stortingsperiode signerte Noreg nye eller oppdaterte handelsavtalar med Singapore, Mercosur, Ukraina, Kosovo, Thailand, Malaysia, India, Chile og Moldova. Senterpartiet meiner det framleis er meir å hente.
– Denne perioden håpar vi regjeringa kan signere handelsavtalar med Japan, Vietnam og forhåpentlegvis fleire. Førre periode viste vi at Noreg klarte å forhandle fram handelsavtalar som ikkje utfordra tollvernet vårt, som sikrar matberedskap og suverenitet. Så lenge avtalane tek vare på norske samfunnsinteresser og beredskap, er det positivt at vi brukar handlingsrommet vi har til å gje norsk næringsliv betre vilkår i tredjeland enn om vi var EU-medlemmer, seier Sande.
Samtidig er Senterpartiet kritisk til framstøyt frå NHO og andre aktørar som dei meiner er i strid med interessene til norsk næringsliv.
– NHO har lenge argumentert for at Noreg skal nærme seg EUs handelspolitikk. Det vil eg sterkt åtvara mot. EU har dei siste åra i stor grad lukka økonomien sin. Å følgje EU i handelspolitikken ville bety høgare tollsatsar for norsk næringsliv i tredjeland og høgare toll på industrivarer inn til Noreg. Det ville råka næringslivet og norske forbrukarar. I Noreg må vi sikre beredskapen vår og elles sikre at vi er konkurransedyktige, slår Sande fast.