Norske straumkunder fortener handling, ikkje berre lovnader
– Dette er feil veg å gå. Ap-regjeringa har fortalt veljarane at dei ikkje vil fornye Danmarkskablane når dei når slutten av levetida si. Då er det lite meining i å bruke opp mot 160 millionar kroner på å halde liv i ein kabel som snart skal fasast ut, seier Erling Sande.
Statnett opplyser at selskapet, i tråd med konsesjonen, skal drifte kablane så lenge det er teknisk og økonomisk forsvarleg. Etter ei vurdering saman med danske Energinet er konklusjonen at SK2 skal reparerast.
– Noreg treng meir kontroll over eigne kraftressursar og lågare straumprisar for folk og næringsliv. Når ein av dei eldste utanlandskablane no er ute av drift, burde det vere ei påminning om at tida er komen for å redusere eksportkapasiteten, ikkje bruke store summar på å forlenge levetida til kablar som snart skal takast ut av bruk, seier Sande.
Han peikar på at dei fire straumforbindingane mellom Noreg og Danmark samla har ein kapasitet på om lag 1,7 gigawatt, og meiner omfattande krafteksport har bidrege til høgare og meir ustabile straumprisar i Noreg.
– Dette er ein glimrande anledning til å starte nedtrappinga av eksportkapasiteten. Norsk kraft skal først og fremst sikre arbeidsplassar, verdiskaping og låge straumprisar her heime. Det må vere hovudprioriteten, seier Sande.
Senterpartiet meiner saka reiser prinsipielle spørsmål om kursen i norsk kraftpolitikk.
– Viss regjeringa meiner alvor med lovnaden om at Danmarkskablane ikkje skal fornyast, bør dei også vere varsame med å bruke store beløp på å halde dei kunstig i live dei siste åra, seier Sande.