Meny
2021 Sigbjørn Gjelsvik, Akershus

Ny vår for nasjonal kontroll over krafta 2

Med Senterpartiet i regjering har det vorte satt i gang ei historisk satsing på det norske militæret, matproduksjon, politi og beredskapslagring. Ei satsing Senterpartiet har fremja over mange år. Under den halvårlege pressekonferansen 20. juni sa partileiaren at viktigheita av beredskapssatsinga har vorte understreka av Russland si krigføring mot Ukraina, sier Ole Andre Myhrvold.

- av Ole André Myhrvold (Sp), energipolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Østfold

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum drog fram viktigheita av å ha ei styringsdyktig regjering i lag med Arbeidarpartiet. Dette har gjort at regjeringa har kunna fatta gode tiltak for å møte uroa som følgjer av knappheit på råvarer og krigføring i Europa.

Utover beredskapssatsinga peika partileiaren på at regjeringa legg stor kraft i prosjektet for å utjamne skilnadar på tvers av kor folk bur og kva dei tener. Regjeringa har innført gratis ferjer på samband med under 100 000 innbyggarar, gitt folk med under 750 000 kroner i inntekt skatte- og avgiftsletter og oppløyst fleire fylker og kommunar som var slått saman med tvang.