Meny
2021 Mann som fyller bensin på bil

Om drivstoffprisar

Sist endret: 16 06 2022

Drivstoff er ei stor utgift for dei av oss som køyrer mykje. Difor senka vi drivstoffavgiftene samanlikna med Solberg-regjeringa når vi fekk mogelegheita til å justere Statsbudsjettet etter valsigeren.

Etter det har mellom anna krigen i Ukraina ført til stor uro i oljemarknaden, og ein enormt høg oljepris som igjen aukar pumpeprisen. Ved ein pumpepris på 29 kroner utgjer vegbruksavgifta rundt 5 kroner og C02-avgifta rundt 2 kroner.

Eit kutt her ville isolert sett ha hjelpt på pumpeprisen – men ikkje på norske hushaldingar sin økonomi om denne stimulansen i økonomien ville ført til ytterlegare renteauker.

FEIL PÅSTAND:

Vi vert stadig møtt med påstanda om at Senterpartiet i fjor lova at bensinprisen ikkje skulle gå over 20 kroner – påstanda er feil. Bakgrunnen for misforståinga er sitatet under som Marit Arnstad gav til VG 13. mars i fjor når tredobling av CO2-avgifta vart foreslått av ei rekke parti under behandlinga av klimameldinga. Marit sa at vi ikkje ville gå med på å auke avgiftene slik at bensinprisen gjekk frå rundt 15 kroner då til over 20 kroner. Situasjonen i dag er at marknaden, ikkje avgiftene, har auka drivstoffprisane. Det er altså stor skilnad på Marit sitt sitat og eit løfte om at drivstoffprisane ikkje skal over eit visst nivå. Situasjonen i dag er at oljemarknaden har bidrege til auka drivstoffprisar, ikkje avgiftene. 

Her er kva Marit sa til VG 13. mars 2021:

– Vi står bak Norges klimamål, men vi har lagt våre egne prioriteringer og vi ser ikke for oss å gå i forhandlinger med regjeringspartiene, fordi de har valgt som sitt hovedgrep i klimameldingen en tredobling av CO2-avgiften, som vil øke bensinprisen til 20 kroner.

– Kan dere sitte i en regjering som øker bensinprisen til 20 kroner?

«Nei. Det kommer ikkje til å skje. Det blir en beinhard forhandling. Tredobling av CO2-avgiften og bensinpris på 20 kroner kommer til å ødelegge hele legitimiteten til klimapolitikken ute i det norsk folk. Vi slutter opp om målet om 50–55 prosent kutt innen 2030. Men skal du få til det, må du ha med folket på det, sier Arnstad.»

https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/BlkL3G/sp-med-bensinpris-ultimatum-til-ap

Så mykje av drivstoffprisen er avgifter:  

Rystad Energi har rekna ut av ved ein bensinpris på 29 kroner utgjer vegbruksavgifta 5 kroner, CO2-avgifta 2 kroner og meirverdiavgift 6 kroner. Altså 13 av 29 kroner, eller rundt 45 prosent.

 

https://www.nrk.no/vestland/regjeringa_-_-renta-er-_skumlare_-enn-pumpeprisen-1.16000787

Kostnad ved å sette ned drivstoffavgiftene:

Det vil koste ca. 300 millioner kroner i måneden å redusere vegbruksavgifta med 1 kr (1,25 kr etter moms) på bensin og autodiesel.

Det vil koste ca. 1 milliard kroner i måneden å redusere vegbruksavgifta med 3,46 kr (4,33 kr etter moms) på bensin og autodiesel. 

Ved siste alternativ vil det ikkje vere vegbruksavgift på autodiesel i det heile. På bensin vil det vere att 1,08 kr (1,35 inkl. moms).

Eit nær samla Storting vil ikkje sette ned drivstoffavgiftene:

Ap, H, Sp, SV, R, V, MDG og KrF avviste nyleg eit representantforslag frå Frp om å avvikle vegbruksavgifta og CO2-avgifta (Dok. 8:150 S, jf. Innst. 265 S). Legg merke til at Frp ikkje foreslår ei fjerning av meirverdiavgifta, men at dette vurderast om dei høge prisane held fram.  

I tillegg er det verdt å merke seg at vi i tilleggsproposisjonen til Statsbudsjettet for 2022 sette ned vegbruksavgifta for diesel med 26 øre og bensin med 22 øre samanlikna med kva Solberg-regjeringa foreslo.

SENTERPARTIETS PRIORITERING

Vi i Senterpartiet er opptatt av å kutte i avgiftene til folk, og vil gjere meir av det når det ikkje gjev fare for å fyre oppunder prisveksten og gje norske hushaldingar ytterlegare rentehevingar. I dagens situasjon prioriterer vi:

1.     Å styrke den militære og sivile beredskapen vår.  

2.     Å få ned skilnadane på tvers av kva folk tener og kor dei bur. Difor har dei som tener under 750 000 kroner fått mindre i skatt, barnehageprisane er redusert og dei som pendlar og tar ferjer har fått mindre rekningar.  

3.     Å få ned straumrekningane på kort og lang sikt.

4.     Å unngå ein større renteoppgang enn varsla. I strame økonomiske tider er det ekstra viktig for heile Noreg at Senterpartiet styrer.

Med den lågaste arbeidsløysa i Noreg sidan 2008, og ei internasjonal råvarekrise, er det lite tilgjengelege ressursar i norsk økonomi.

Kapasiteten i økonomien er sprengt. Det er mangel på arbeidskraft og innsatsvarene er dyre. Det er den krevande situasjonen vi står i som gjere at vi må halde igjen på pengebruken. 

Når det er knappheit på ressursar som er årsaka til høge prisar vil tilførsel av meir pengar berre gje høgare prisvekst.

Vi må halde att på den offentlege pengebruken for å unngå å fyre oppunder prisveksten.

Ein større prisvekstspiral kan gjere at Noregs Bank må sette opp styringsrenta til meir enn 2,5 prosent som dei allereie har varsla.

Vi er på gjeldstoppen i Europa. Større renteauker er difor den største trusselen for økonomien til mange norske hushaldingar, næringsdrivande og kommuner.

Straum er ei anna stor utgift. Difor har regjeringa prioritert å innføre ei straumstønadsordning ut mars neste år. På same tid som vi jobbar med varige grep som fastprisavtale, kontroll over straumeksporten og tilgang på meir fornybar kraft.