- Oslofjordens problem er ikkje fisking
Geir Pollestad (Sp) sitt innlegg i Stortinget i debatten om fiskeri- og havministerens redegjørelse om ivaretakelse av fiskere i Oslofjorden:
La meg starta med å retta opp ein feil i representanten Wiborgs innlegg. Dette fiskeforbodet kom 29. juli 2025. Då sat ikkje Senterpartiet i regjering. Det skil denne saka frå det Framstegspartiet gjorde, då dei sat med ansvaret for å innføra eit anna næringsforbod, nemleg for pelsdyrnæringa. Den diskusjonen trur eg er rimeleg uinteressant.
Det er heller inga ueinigheit om at det er miljøutfordringar i Oslofjorden, men måten regjeringa har valt å møta dette på, meiner Senterpartiet er under ein kvar kritikk, og det er eit alvorleg brot med måten me forvaltar fiskeriressursane våre på i Noreg.
Regjeringa har innført eit nytt prinsipp: å bruka forbod som verkemiddel – ikkje reguleringar, ikkje kvotar, ikkje tilpassingar av aktivitet. Det er dramatisk, og det kan ha verknader langt utover Oslofjorden viss forbod vert eit nytt forvaltingsprinsipp i fiskeria. Me har alltid hatt fiske i område med lite fisk, men då har kvotane vorte lågare, det har kome avgrensingar på reiskapsutforminga – ein har gjort den typen tiltak.
Konsekvensane for fiskarane i Oslofjorden er omfattande. Mange mister store deler av grunnlaget for inntekta si, nokre mister heile livsgrunnlaget. Regjeringa har sett av 15 mill. kr til omstilling. Det er altfor lite. Det dekkjer verken dokumentert inntektsbortfall eller reelle kostnader ved å leggja om drifta. Sånn dette framstår no, framstår det ikkje som ei omstillingsordning, men ei kondemneringsordning for fiskenæringa i Oslofjorden. Dette er ei avvikling av fiske. Det er ikkje ei vidareføring, og det er langt under det fiskarane sjølv ønskjer.
Noko av det eg reagerte på i innlegget og utgreiinga til fiskeriministeren, var at ein no nærmast hadde funne så gode løysingar at fiskarane var fornøgde. Nei, ingen fiskarar er fornøgde med det som har kome no. Då ein høyrde på utgreiinga til fiskeriministeren, kunne ein få inntrykk av at dialogen var så god, men når ein snakkar med fiskarane eller organisasjonane til fiskarane, seier dei at denne dialogen har vore heilt elendig. Det har knapt vore dialog. Det er nok å sjå på høyringa som var. Her hadde folk gjeve innspel til korleis ein kunne utforma området, gjera dette litt enklare og finna praktiske løysingar. Eg har møtt folk som trudde at ein hadde gjort ein feil, for det som var sendt ut etter høyringa, var jo akkurat likt det som var før høyringa. Det regjeringa kallar for dialog, er det me andre kallar for monolog. Det har ikkje vorte lytta.
Det uroar meg, for dette viser kven som bestemmer i regjeringa. Eg trur ikkje at fiskeriministeren eigentleg var veldig gira på dette tiltaket og syntest det var eit smart tiltak. Eg har stor tiltru til fiskeriministeren. Problemet er berre at ansvaret som i dag skal liggja til NFD, vert forvalta av klimaministeren. Der treng ein ikkje å ta omsyn til næringsdrivande. Der treng ein ikkje å ta omsyn til næringsaktørane. Då får me sånne eksempel som me ser no.
Kva er problemet med Oslofjorden? Jo, problemet er at Oslofjorden er forureina. Problemet med Oslofjorden er ikkje at det vert fiska i Oslofjorden. Det er ikkje sånn at bestanden vil ta seg opp viss ein ikkje greier å gjera noko med forureininga i fjorden. Det meiner eg ein burde svara tydelegare på enn det ein har gjort.
Så høyrde eg innlegget til Høgre her tidlegare i dag. I Høgre hadde dei jo all moglegheit til å sørgja for at dette var på plass – før ein gjekk imot det tidlegare forslaget om å stoppa dette forbodet. Då kunne Høgre ha brukt posisjonen sin til å stilla krav og ha forventingar til korleis dette skulle gjennomførast. Det valde Høgre å ikkje gjera.
Eg veit ikkje om det finst ein lykkeleg slutt på dette, men det er ikkje bra når regjeringa seier at dialogen er bra, og fiskarane og organisasjonane til fiskarane seier at dialogen er omtrent fråverande, at ein ikkje vert lytta til, og at ein ikkje vert forstått. Og ein ventar enno på korleis denne kompensasjonsordninga skal utformast. Oppgåva til fiskarane og det fiskarane ønskjer, er ikkje å rydda opp. Fiskarane ønskjer å fiska fisk. Det er difor dei er fiskarar, og dei drøymer om å få leva av det. Forbodet til regjeringa stoppar den moglegheita.