Posten skal fortsatt fram
– Posten skal fortsatt fram. Posten har eksistert i nesten 400 år, og no har Senterpartiet fått gjennomslag for at vi skal fortsette å ha eit nasjonalt postvesen. Dette er en gledens dag for folk i heile Norge som er avhengig av Posten og for beredskapen vår, seier transportpolitisk talsperson i Sp, Geir Inge Lien.
Arbeiderpartiet foreslo i sitt framlegg til statsbudsjett for 2027 eit kutt som i praksis ville ha avvikla Posten som ei nasjonal teneste. Senterpartiet reagerte kraftig på Ap-forslaget, som i praksis er rein høgrepolitikk.
– Ap-regjeringa sitt forslag ville i praksis betydd nedlegging av Posten. Med Senterpartiet i spissen får me no ei landsdekkande dørterskelteneste, slik at eldre eller folk som av ulike grunnar er ikkje kan bruke digitale tenester, kan få hjelp. Og ikkje minst sikrar Senterpartiet no at folk skal få levert avisa si på laurdagar, uansett kor i landet ein bur, seier Lien.
Relaterte saker