Meny
Frå venstre: Ola Borten Moe (Kunnskapsminister for høyere utdanning og forskning), Cecilie Myrseth (stortingsrepresentant Ap) og Dag Rune Olsen (rektor ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT).

Regjeringa vil utdanne fleire legar i Nord-Noreg

I arbeidet med tilleggsproposisjonen til budsjettet for 2022 varslar regjeringa ei auke i studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Det vil gje eit auka opptak med 15 medisinstudentar frå og med neste studieopptak.

– Det er eit behov for fleire legar i Nord-Noreg, og for oss er det viktig å sikre at vi har gode tenester nær folk. Derfor tildeler vi pengar til 15 ekstra studieplassar i medisin ved UiT for å gi betre legedekning i både primær- og spesialisthelsetenesta, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp)

Per i dag studerer halvparten av legane vi har behov for i utlandet. Dette er ikkje i tråd med våre forpliktingar til WTO og gjer oss sårbare til dømes ved auka behov for helsepersonell i andre land.

– Vi kjem til å ha eit spesielt fokus på våre nordlege landsdelar og denne satsinga er eit tydeleg døme på korleis vi vil sikre gode utdanningstilbod og eit auka nasjonalt fotavtrykk også her, seier Borten Moe.

Gode og likeverdige helsetenester over heile landet

Utdanninga på UiT er lagt opp slik at heile helsetenesta i Nord-Noreg blir brukt i praksis og grupper av sisteårsstudentar får undervisning i kliniske fag i tre parallelle løp i Tromsø, Bodø og Hammerfest og i Alta og Karasjok. I tillegg er 60 prosent av studieplassane reservert søkarar med nordnorsk tilknyting.

– Medisinstudentane ved UiT er både ein ressurs for helsevesenet i landsdelen, og får oppleve ulike delar av Nord-Noreg. Undersøkingar viser at det kan bidra til at fleire vel å praktisere i distrikta etter fullført utdanning. Det treng vi for å kunne tilby desentraliserte helsetenester som gir folk flest gode og likeverdige helsetilbod i heile landet, seier Borten Moe.