Sp kallar inn helseministeren til Stortinget om kuttforslaga i Sogn og Fjordane

Frå Stortingets talarstol forventar Sande og Toppe klare svar frå statsråden om korleis regjeringa skal sørge for at folk i alle delar av Sogn og Fjordane får helsehjelpa dei skal ha.
- Enkelte område i Sogn og Fjordane har blant dei lengste responstidene for ambulanse i heile landet. Ofte er det også slik at dei pasientane som opplev lang responstid, også har lengst reiseveg til sjukehus når ambulansen fyrst kjem. Til tross for dette vil Helse Førde no ha færre ambulansestasjonar, noko Senterpartiet er sterkt imot,seier stortingsrepresentant Erling Sande.
- Difor har eg bedt helseminister Vestre kome til Stortinget for å svare på kva han meiner er akseptabel tid for folk i Sogn og Fjordane å vente på ambulanse når det i verste fall står om liv. Dette handlar om tryggleiken til folk. Eg meiner helseministeren må svare kva han har tenkt å gjere for at responstida for folk i heile regionen som treng rask hjelp, ikkje blir ytterlegare svekka, seier Sande.
Kjersti Toppe, som er leiar av helsekomiteen på Stortinget, meiner vidare at helseministeren må svare om framtida ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Stortinget har bedt regjeringa sikre at "endringar i tenestetilbodet ved Lærdal og Nordfjord sjukehus skal gje eit minst like godt fagleg tilbod på tenestestadene i Sogn og Nordfjord som i dag.
- Men det er inga føring i stortingsvedtaket om at det faglege tilbodet skal bli gitt nær der folk bur, på lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid. Helseminister Vestre må difor oppklare om dette vedtaket i det heile tatt vil få konsekvensar for Helse Førde si behandling av deira kuttforslag, og viktigst av alt: vil det stoppe at til dømes barseltilbodet og ortopedi blir avvikla og sentralisert, seier Toppe.
Helseministeren må svare Toppe og Sande i ordinær spørretime onsdag 22.oktober frå kl ca kl 13 og utover.