Senterpartiet sikrar bygging av Stad skipstunnel i RNB
– Dette er ein veldig god dag for kysten, for næringslivet og sjøfolka våre som treng tryggare og meir føreseieleg transport, seier Erling Sande, parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet.
-Meir kunnskap om prosjektet viser at samfunnsnytten til Stad skipstunnel er på linje eller betre enn mange andre samferdselsprosjekt og gjennom det siste året med planlegging er prisen redusert og samfunnsnytten ytterlegare styrka. Påstandane om at prosjektet er sløsing er gjort til skamme, seier Geir Inge Lien, samferdselspolitisk talsmann for Sp.
Eit tryggleiks- og beredskapsprosjekt for kysten
Stadlandet er kjent for særleg krevjande vêr- og bølgjeforhold, og farvatnet utanfor Stad er blant dei mest utsette langs norskekysten. Stad skipstunnel skal gi skip ein tryggare og meir føreseieleg passasje ved å leie trafikken gjennom Stad i staden for rundt det mest vêrharde havstykket.
– Dette handlar om tryggleik for sjøfolk og last, betre regularitet for næringslivet og styrkt beredskap langs kysten. Når vi no får på plass oppstartsmidlar, er det fordi dette er eit prosjekt som tener heile landet – ikkje berre dei som sit lengst frå kysten og meiner alt kan målast i ein kommentarfelt-kalkulator, seier Sande.
Fakta om Stad skipstunnel
Stad skipstunnel er planlagt bygd i Stad kommune i Vestland, mellom Moldefjorden og Kjødepollen/Vanylvsfjorden. Prosjektet er utvikla av Kystverket og er omtalt som eit banebrytande tiltak internasjonalt.
– Noreg er ein maritim nasjon. Då må vi også investere i infrastruktur som gjer sjøtransporten tryggare og meir robust. Stad skipstunnel er eit slikt løft, seier Lien.
Senterpartiet pressar på for framdrift og kostnadskontroll
-Den store Kostnadsreduksjonen Kystverket har klart å få til, kan ha overføring til andre samferdselsprosjekt, seier Lien
– Vi skal ha både framdrift og kontroll. No er oppstartsbevilgninga på plass, og kontraktene kan inngåast som eit resultat av den grundige anbudskonkurransen Kystverket har gjennomført, seier Sande.