Senterpartiets fylkesårsmøter 2024
Det er venta stort oppmøte på Senterpartiets fylkesårsmøter også i år, med over 2 100 delegatar. I tillegg kjem mange observatørar og gjester. Alle 17 fylkeslag i partiet har årsmøte kvart år, og i år startar det med Buskerud Sp 16.-17. februar og avsluttast med Troms Sp 16.-17. mars. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.
Bildet: Frå fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Sp 2023.
Politiske verkstader
Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentral innleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om det som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.
I 2023 vedtok fylkesårsmøta til saman over 100 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså over fem uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt. Alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til både sentralstyret i partiet, alle komitear i stortingsgruppa, samt til regjeringa.
Val av fylkesleiar i år
Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår, er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane samt vararepresentanter for heile styret i nummerordning som er på val. I valår er det 1. og 2. nestleiar, den andre halvparten av styremedlemane og alle vara som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.
Svært store fylkesårsmøte
Lokallagas rett på delegatar er rekna ut frå m. a. talet på røyster i siste stortingsvalet i 2021, talet på lokallagsleiarar, ordførarar og gruppeleiarar i kommunestyra, fylkesstyra og fylkestingsrepresentantar, talet på medlemar i lokallaget samt fem representantar kvar frå Senterkvinnene og Senterungdommen. Det er venta at det kjem godt over 2100 delegatar totalt på årets fylkesårsmøter.
Her er oversikt over fylkesårsmøta 2024:
- Når det gjeld oversikta over sentral innleder, så deltek i tillegg fleire av statsrådane på årsmøtet i eige fylkeslag.
Fylke | Dato | Sted | Mediakontakt | Sentral innleder |
Buskerud | 16.- 17. februar | Sundvolden hotell, Hole | Brit-Tove Krekling 481 42 727 [email protected] | Erling Sande |
Oslo | 17.februar | Røde Kors konferansesenter, Hausmannsgate 5 | Victoria Sannum Vangen 915 70 233 [email protected] | Marit Arnstad |
Hedmark | 17.- 18. februar | Scandic Hamar | Camilla Aaseth 992 44 339 [email protected] | Trygve Slagsvold Vedum |
Nordland | 17.- 18. februar | Scandic Havet, Bodø | Iren Beathe Teigen 412 30 296 [email protected] | Trygve Slagsvold Vedum |
Finnmark | 17.- 18. februar | Scandic hotell, Hammerfest | Rita H. Roaldsen 915 88 501 [email protected] | Geir Pollestad |
Østfold | 1.-2. mars | Scandic City, Fredrikstad | Henriette Holt Gausdal 469 44 383 [email protected] | Erling Sande |
Vestfold | 1.- 2. mars | Havna hotell Tjøme | Ida Cathrine Nilsen 413 34 656 [email protected] | Oddmund Hoel |
Trøndelag | 1.-2. mars | Scandic Hell | Lars Myhr Sandlund 984 66 902 | Trygve Slagsvold Vedum |
Akershus | 1.- 2. mars | Sørmarka | Linde Rødfoss 978 90 235 [email protected] | Kjersti Toppe |
Sogn og Fjordane | 2.- 3. mars | Scandic Sunnfjord Hotel, Førde | Torunn Flatjord 416 26 602 [email protected] | Anne Beathe Tvinnereim |
Møre og Romsdal | 2.- 3. mars | Scandic Parken, Ålesund | Isabelle Orvik 901 87 006 [email protected] | Trygve Slagsvold Vedum |
Telemark | 8.- 9. mars | Vrådal, Straand Hotel | Torunn Brukåsa Kleiva 400 19 265 [email protected] | Emilie Enger Mehl |
Hordaland | 8.- 9. mars | Stord hotell, Stord | Sølvi Kobbeltvedt 920 55 789 [email protected] | Geir Pollestad |
Rogaland | 9.- 10. mars | Hotel Maritim, Haugesund | Vidar Nedrebø 416 42 502 [email protected] | Erling Sande, Geir Pollestad og Andreas Bjelland Eriksen |
Oppland | 9.- 10. mars | Quality Strand Hotell, Gjøvik | Camilla Aaseth 992 44 339 [email protected] | Anne Beathe Tvinnereim |
Agder | 9.- 10. mars | Kristiansand, Scandic ved dyreparken | Linda Leirpoll 477 54 192 [email protected] | Geir Pollestad |
Troms | 16.-17. mars | Grand Harstad, Harstad | Ingunn M. Hals 938 52 317 [email protected] | Bjørn Arild Gram |