Senterpartiets fylkesårsmøter 2026
Politiske verkstader
Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein eller fleire sentral innleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om det som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.
I 2025 vedtok fylkesårsmøta til saman nesten 100 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså nesten seks uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt. Alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til både sentralstyret i partiet og til stortingsgruppa.
Val av fylkesleiar i år
Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår, er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane samt vararepresentanter for heile styret i nummerordning som er på val. I valår er det 1. og 2. nestleiar, den andre halvparten av styremedlemane og alle vara som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar også årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover.
Store fylkesårsmøte
Antal delegatar er rekna ut frå lokallagas rett på delegatar ut frå m. a. talet på:
- røyster i stortingsvalet i 2025,
- lokallagsleiarar
- ordførarar
- gruppeleiarar i kommunestyra
- fylkesstyra
- fylkestingsrepresentantar
- talet på medlemar i lokallaget
- fem representantar for Senterkvinnene
- fem frå Senterungdommen
Det kan til saman på alle fylkesårsmøta i år vera over 1 700 delegatar totalt.
-
44 kb PDF Publisert 11. feb. 2026 kl. 12:22