Meny
kjersti-toppe-001

Sikrar fullfinansiering til Moster 2024

Gjennom revidert nasjonalbudsjett som vert lagt fram på torsdag sikrar regjeringa fullfinansiering til Moster 2024, 1000-årsjubileet for innføring av kristenretten i Norge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Innføringa av kristenretten er ei særs viktig historisk hending for både utviklinga av kristendommen og rettsstaten i Norge. Med denne løyvinga vil vi gi trygge og føreseielege rammer for dei som planlegg og gjennomfører markeringa på Moster, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

I statsbudsjettet for 2023 vart det løyva ein million kroner til Moster 2024. I det reviderte budsjettet føreslåast ei ytterlegare løyving på ein million kroner, samt ei forplikting om at regjeringa vil føreslå tre millionar kroner til jubileet i statsbudsjettet for 2024.

Mostratinget i 1024, kalla saman av Olav Haraldsson og biskop Grimkjell er ei av dei hendingane i historia som førte til ei samfunnsomvelting. Markeringa på Moster i 2024 er viktig fordi ho markerer innføringa av kristenretten som rettsgrunnlag for det norske samfunnet. Innføringa av kristenretten markerte byrjinga på ei ny tid, med sterkare menneskelege omsyn og rettsvern for individet.

Dersom Stortinget vedtek løyvinga, vil jubileet ha motteke til saman ti millionar kroner i perioden 2019-2024. Løyvinga føreslåast gitt gjennom ei tilskotsordning over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, til arrangement som har samanheng med Nasjonaljubileet 2030.

Relaterte personer

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister

Statssekretærer:
Eli Blakstad
Trine Fagervik

Politisk rådgiver:
Maren Grøthe
Telefon: 22 24 90 90