Gå til hovedinnhold

Sp åtvarar mot milliardrekning til norske bustadeigarar frå EU

2023 Maren Grøthe, stortingsrepresentant, Sør-Trøndelag
Ein ny versjon av EUs bygningsenergidirektiv kan gje ei massiv rekning til norske bustadeigarar. Det kjem fram i regjeringa si høyring om EU-direktivet. Senterpartiet sin energipolitiske talsperson, stortingsrepresentant Maren Grøthe, reagerer på at dersom direktivet vert teke inn i EØS-avtalen, kan det få omfattande konsekvensar for både private bustadeigarar og offentleg sektor i Noreg.

– Dette viser at vi ikkje snakkar om marginale tiltak, men om eit EU-direktiv som kan påføre norske bustadeigarar ei samla rekning i hundremilliardklassen, utan at regjeringa har lagt fram ein plan for korleis dette faktisk skal finansierast, seier Grøthe.

Regjeringa si høyring om EUs nye bygningsenergidirektiv vart avslutta måndag. Direktivet inneber skjerpa krav og mål for energieffektivitet i offentlege og private bygg og bustader. I høyringa uttalar Rådgivande Ingeniørers Forening (RIF) at deira førebelse berekningar viser at oppgraderings- og energieffektiviseringskrava i direktivet kan innebere investeringar på minst 260 milliardar kroner for eksisterande private bustader i Noreg. I gjennomsnitt tilsvarar dette om lag 450 000 kroner per einebustad og 150 000 kroner per leilegheit. Noregs Bank har gjort ei liknande berekning som legg tilsvarande tal til grunn. I tillegg til private bustader kjem eit betydeleg oppgraderingsbehov for offentlege bygg, anslått til fleire hundre milliardar kroner.

– Det er eigentleg utruleg at regjeringa sende dette på høyring utan eigne anslag for kva det vil kunne koste det norske samfunnet. For dersom bustadeigarane ikkje skal betale dette sjølve, vil støtteordningar koste skattebetalarane enorme summar. Det vil vere eit vanvittig sløseri. I motsetnad til EU, der 30 prosent av klimagassutsleppa kjem frå energibruk i bygg, er norske bygg tilnærma utsleppsfrie på grunn av fornybar straum, fjernvarme og vedfyring.

Ifølgje høyringssvaret frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er krava til nybygg i stor grad allereie oppfylte gjennom byggteknisk forskrift (TEK17), og den norske bygningsmassen er i dag i hovudsak utsleppsfri. NVE peikar på at direktivet i hovudsak vil få betydning for eksisterande bygningsmasse, inkludert private bustader, næringsbygg og offentlege bygg. Dersom direktivet vert teke inn i EØS-avtalen, meiner NVE at det vil vere naudsynt å innføre nye tiltak også i Noreg for å nå måla om redusert energibruk i bustadmassen.

– Det er eit paradoks at Noreg, som allereie har ein så godt som utsleppsfri bygningsmasse, skal påleggjast nye og kostbare tiltak som vil råke eksisterande bustader hardt. Dersom det ikkje løner seg for den einskilde bustadeigaren og ikkje reduserer norske klimagassutslepp, kven er det eigentleg vi gjer dette for? Når kostnadene er størst for dei som har minst frå før, og konsekvensane kan verte fråflytting og større skilnader, er det eit tydeleg signal om at dette direktivet ikkje er tilpassa norske tilhøve. Noreg må ha handlingsrom til å føre ein bygnings- og energipolitikk som er tilpassa klimaet vårt, geografien vår og økonomien til folk. EU-regelverk som ikkje tek omsyn til dette, kan vi ikkje ukritisk innføre, seier Grøthe, som understrekar at Senterpartiet vil arbeide aktivt for at dette ikkje vert innført.