Gå til hovedinnhold

Fengselsstraff for snøscooterkøyring strir mot sunn fornuft

Trøndelag - backup
Regjeringa går i eit forslag om innstrammingar i lov om motorferdsel i utmark inn for at personar skal kunne bli straffa med inntil to år i fengsel for brot på motorferdsellova.

– Sjølvsagt skal ein ikkje bryte lova, men ein kan jo vere uheldig og hamne utanfor ei merkt løype. At snøscooterkøyring skal kunne føre til same straff som ofte blir idømd for valdtekt, strir mot all sunn fornuft. Her må Arbeidarparti-regjeringa ta til vettet, seier Erling Sande, parlamentarisk nestleiar for Senterpartiet.

Motorferdsel viktig for næring og friluftsliv
Sande viser til at motorferdsel i utmark i mange kommunar er avgjerande for å drive god forvalting av naturressursane og friluftsliv.

– Gjennom tidene har motorferdsel hatt stor betydning for innbyggjarane når det gjeld landbruk og beitenæringar, for jakt, fiske og sanking – og ikkje minst for rekreasjon. Regjeringa sitt forslag vil gå utover folk og frivillige som ønskjer å vere ute i naturen. Snøscooteren er viktig for mange. Både for næringsdrivande og folk som vil bruke naturen, og for lag og foreiningar som brukar han som eit viktig reiskap for å preparere løyper.

– På same måte som fritidsbåt er viktig for mange langs kysten, er snøscooteren viktig for folk som bur på snørike stadar, seier Sande.

Sp vil ha meir kommunalt sjølvstyre
Senterpartiet har i fleire år vore ein pådrivar for større kommunalt sjølvstyre og fekk gjennomslag då dei pressa Solberg-regjeringa til å fjerne 2,5 km-grensa for snøscooterkøyring til eiga hytte.

– Ap-regjeringa forsøker no å overkøyre forslaget Senterpartiet fekk gjennom i Stortinget i juni 2025 om at lokalt sjølvstyre og mindre byråkrati skal liggje til grunn for endringar i motorferdsellova. Vi er opptekne av at kommunane sjølve skal kunne bestemme dette. Dei vil då stå fritt til å mjuke opp retningslinjene sine eller stramme dei inn. Dette nettopp fordi ulike delar av landet vårt har ulike utfordringar, seier Sande.

– Regjeringa er ikkje ute i landet og lyttar
Regjeringa foreslår no at motorferdsel skal innlemmast i plan- og bygningslova. Dette fører til at til dømes alle skiløyper må liggje i eit plankart.

– Forslaget viser at vi har ei regjering som ikkje er ute i landet og lyttar, og som ikkje ser dei ulike utfordringane som finst. Forslaget fører med seg enormt byråkrati, unødvendig bruk av kommunale ressursar og unødige kostnader for lag og foreiningar som køyrer opp løyper til nytte for allmennheita, avsluttar Sande.