Sp-Sande jublar: - Nærbutikkar skal framleis få selge alkohol
Stortinget har i dag vedtatt at fjernbetjente butikkar framleis skal få selge alkohol på lik linje med andre daglegvarebutikkar. Det var i fjor haust tilfelle av at statsforvaltarar overprøvde kommunale vedtak om å gje salsløyve til butikkar med slik fjernstyring, og ba andre kommunar om å revurdere løyve som er gjeve.
- Det strid mot sunn fornuft at folk ikkje skal få kjøpt øl i nærbutikken sin fordi den er fjernbetjent. Vi kan ikkje ha lover og reglar som ikkje gir meining, og sjølvbetjente butikkar har kome for å bli, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).
Senterpartiet meinte det var heilt feil at opp mot 150 fjernbetjente butikkar rundt omkring i landet ikkje skulle få fortsette å selge alkohol til folk som i mange tilfelle har lang reiseveg til ein annan butikk.
-
Difor er Senterpartiet glade for at eit stort fleirtal stiller seg bak forslaget om at det skal gå an. Dette er ein gledens dag for sunn fornuft, seier Sande.