Gå til hovedinnhold

Sp sikra stor kulturpakke

2026 Erling Sande, stortingsrepresentant: Sogn og Fjordane
– Eg trur mange kulturfolk rundt om i Noreg no trekkjer eit letta sukk etter at Ap-regjeringa i starten av oktober svinga øksa over Kultur-Noreg, seier kulturpolitisk talsmann i Senterpartiet, Erling Sande.

Samanlikna med budsjettforslaget regjeringa la fram i starten av oktober, inneheld avtalen no over 220 millionar kroner i auka løyvingar til kultur, museum, kulturminne og frivillig arbeid på desse områda. Løyvingane er fordelte på budsjettområda til Kulturdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet. Kultursatsinga har òg ein klar distriktsprofil.

– Kultur er ikkje berre noko vi skal reise til dei store byane for å oppleve. Kulturen blir skapt i lokalsamfunn over heile landet, av frivillige, kunstnarar, handverkarar og museumsfolk, seier Sande. Han trekkjer fram fire særleg viktige Sp-gjennomslag i avtalen.

  • Studiefobunda får tilbake løyvingane sine (ca. 70 mill. kr).
  • Museumsdrifta til Fortidsminneforeninga er redda (5,6 mill. kr), slik at foreininga kan halde fram med å formidle den norske kulturarven – og særleg stavkyrkjene.
  • Verdsarven Rjukan–Notodden får eit kraftig løft, med til saman 30 mill. kr i auke (20 millionar til vidare opprusting av Tinnosbanen og 10 millionar til Norsk Industriarbeidermuseum).
  • Kulturminnefondet på Røros får 20,7 mill. kr i auke samanlikna med forslaget frå regjeringa. Desse midlane går til tilskot til eigarar av verneverdige kulturminne.

Mange høgprofilerte museum og kulturfyrtårn rundt om i landet er no sikra auka løyvingar etter at Sp har fått på plass ein budsjettavtale med regjeringa: Gudbrandsdalsmusea får 2 millionar kr, Huset Aukrust i Alvdal 3,5 millionar, Jakob Sande-senteret i Fjaler 1,5 millionar og Nord-norsk båtmuseum 2,2 millionar. Søblomsten ved Romsdalsmuseet får 1,7 millionar, medan Tingvatn og Mandal museum får 1,8 millionar. Musea for kystkultur og gjenreising i Finnmark får heile 5 millionar, noko som er ein stor auke.

Prioriteringane til Sp for scenekunst, språk og lokale kulturarenaer har òg fått plass i avtalen. Det gjeld mellom anna Elden på Røros, Opera Trøndelag, Opera Østfold, Hilmarfestivalen i Steinkjer, Leveld Kunstnartun (Ål i Hallingdal), Litteraturbåten Epos på Vestlandet, Noregs Mållag og Noregs ungdomslag. Turnéteatret i Trøndelag får 2,5 millionar kroner og Skodespelar- og dansealliansen får 5,5 millionar.

– For oss handlar dette om meir enn enkeltpostar i eit budsjett. Det handlar om at folk skal kunne lære, skape og oppleve kultur der dei bur. Når vi tek vare på museum, språk, frivilligheit og lokale kulturarenaer, tek vi òg vare på røtene og fellesskapet vårt, seier Sande. Avtalen inneheld dessutan løyvingar til Nasjonaljubileet 2030 (Stiklestad/Trøndelag), Stiftelsen KNM Narvik (Horten/Vestfold) og Foreningen Æresgjeld (Oslo-området).

Sande legg òg vekt på at lista over tiltak Sp har fått gjennomslag for, er omfattande, og at det som er nemnt ovanfor, ikkje er ei uttømmande oversikt. Går ein nærare inn på tal- og verbaloversikta i avtalen, vil ein til dømes sjå at Sp i Østfold både har sikra meir pengar til DS Turisten og DS Engebret Soot på Haldenkanalen, og at Forsvarsbygg skal avhende Kommandantgården i Gamlebyen i Fredrikstad for eit symbolsk beløp. Nabofylket Akershus har fått tilskot til Spitfire på Kjeller flyhistoriske senter og Trandumskogens venneforening. I Hordaland ligg det eit auka tilskot til Moster amfi og kyrkjehistoriske senter. Og så vidare, og så vidare.

– Vi har fått viktige gjennomslag for ein kulturpolitikk som byggjer landet nedanfrå. Vi er ikkje i mål med alle prioriteringane våre, men avtalen gir eit viktig løft til både kulturarven og det levande kulturlivet, seier Sande.

Relaterte saker

Flere nyheter