Gå til hovedinnhold

Sp tek kampen om DPS-tilbodet i Seljord til Stortinget

Kjersti Toppe vandrehallen 151025
15.oktober heldt Telemark Senterparti folkemøte på Granvin i Seljord om bevaring av den psykiatriske døgnposten. No blir saka teken til Stortinget.

Onsdag 22.oktober fremjar leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), eit representantforslag som ber regjeringa leggje fram ein plan for utvikling av Distriktspsykiatriske sentre i heile Noreg, hindre nedbygging av slike tilbod og sørgja for at Sjukehuset Telemark HF opprettheld Distriktspsykiatrisk Senter i Seljord med døgntilbod på minst dagens nivå.

- Det gjorde sterkt inntrykk å høyra alle historiene frå folk som delte openhjarta rundt eigne erfaringar om kor viktig det lokale, nære helsetilbodet har vore i Seljord. Derfor er det heilt uforståeleg at helseføretaket går inn for å leggja det ned, seier Senterpartiets Kjersti Toppe.

Trass i politiske vedtak og signal, fortset helseføretaka nedbygginga av døgnplassar i psykiatrien, og Senterpartiet meiner det er grunn til å frykta at dette vil halda fram dersom ikkje Stortinget pålegg regjeringa å gripa meir direkte inn ovanfor helseføretaka. 

- Dette handlar om tryggleiken til folk. Senterpartiet meiner me må ta meir folkevald styring over helseføretaka, nettopp for å kunna sikra gode tenester nært folk. Dette er ikkje berre ein kamp for Seljord, men for heile Noreg, avsluttar Kjersti Toppe (Sp). 

Helseministeren blir også stilt til veggs om sjukehus- og helsetilbod i heile Noreg av fleire av Senterpartiets representantar i spørjetimen i Stortinget onsdag. Sjå alle spørsmåla her; Spørretime - stortinget.no

Her er forslaga som Senterpartiet vil fremja i Stortinget 22.10:

1. Stortinget ber regjeringa fremja ein konkret og tidfesta plan for utvikling av  Distriktspsykiatriske sentre i heile Noreg, og hindre nedbygging av slike tilbod 

2. Stortinget ber regjeringa sørgja for at Sjukehuset Telemark HF opprettheld Distriktspsykiatrisk Senter i Seljord med døgntilbod minst på dagens nivå.   

3. Stortinget ber regjeringa sørgja for ei særskilt satsing på utdanning og rekruttering av helsepersonell innan psykisk helsevern, og informere Stortinget på eigna måte.