Gå til hovedinnhold

Stor dag for tryggleiken!

Erling Sande og Geir Inge Lien
Stad skipstunnel er ikkje ferdigsnakka – no har me, saman med Frp, Høgre, Venstre og KrF, sytt for at ein skal arbeide vidare med prosjektet. I trontaledebatten fremja Senterpartiet eit forslag om at arbeidet skal halde fram.

Venstre og KrF gjekk òg inn for forslaget, og i dagens votering vart det klart at Frp og Høgre valde å stemme for. Dermed vart det eit fleirtalsvedtak med 90 stemmer, og regjeringa fekk marsjordre om å fortsetje.

Erling Sande, stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, er strålande nøgd:

«Dette er ein stor dag for kysten og for tryggleiken til sjøfarande. At vi no får halde fram med forhandlingane om endeleg pris, viser at Stortinget lyttar til folket langs kysten og tek ansvar for framtidsretta infrastruktur. Vi skal ikkje kortslutte eit arbeid som har vore i gang i fleire tiår – vi skal fullføre det!»

Ein annan fornøgd representant er Geir Inge Lien, som representerer Møre og Romsdal:

«Dette er eit viktig signal frå Stortinget – vi gir ikkje opp Stad skipstunnel! At vi no får halde fram forhandlingane om endeleg pris, er avgjerande for å få alle fakta på bordet og sikre eit godt beslutningsgrunnlag. Dette prosjektet handlar om tryggleik, framkomst og utvikling langs kysten – og det fortener ei rettferdig behandling, ikkje å bli lagt bort på sviktande grunnlag.»

No må regjeringa sikre at Kystverket held fram og fullfører dei pågåande forhandlingane med entreprenørane, samt arbeider fram kostnadsreduserande tiltak.