Meny
Til kamp for folkekyrkja

Til kamp for folkekyrkja

Sist endret: 22.12.2023 #Hordaland

Færre gudstenester? Av-vigsling av kyrkjer? Kutt i prestestillingar? Mykje kan bli ein realitet om ein skal ta opposisjonspartia på Stortinget på alvor. Ser ein bort frå KrF, er det skremmande kor lita omsut Høgre, Venstre og Framstegspartiet har for folkekyrkja vår. Dei foreslår store kutt i finansiering av Den norske kyrkje  i sine alternative statsbudsjett.  Frå 174 til 257  mill. kroner. Dette vil sjølvsagt kunne gå ut over talet på prestestillingar, skriv Kjersti Toppe.

- av  Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminster

Framstegspartiet har drive med dette i mange år. At urbane Venstre kuttar i folkekyrkja, er ikkje mange overraska over. Det nye er at også Høgre ikkje ser seg tent med ei folkekyrkje i heile landet.  Kva har skjedd med Høgre? 

Høgrekuttet  på 174 mill. kroner til den norske kyrkja ville ramme den landsdekkande, grunnlovsfesta folkekyrkja hardt. Det ville også ramme beredskapen, som folkekyrkja vår representerer. Så det vi kan glede oss stort over, er at dette kuttforslaget ikkje blir vedtatt. Fordi det er SV regjeringa forhandlar budsjett med.  I dag har vi prestar over heile landet, gjennom ei landsdekkande presteteneste. Dette kostar sjølvsagt pengar. Til no har det vore vilje til å betale prisen. Fordi folkekyrkja  faktisk er ein  viktig verdi i  samfunnet vårt. Men  ikkje minst gir den håp og tryggleik i livet for mange av dei menneska som bur her.

Norge skal vere eit livssynsope samfunn, der vi tolerer og respekterer og legg til rette for  eit naturleg mangfald av tru- og livssynssamfunn. Det skal vere rom for både tru, ulik tru – og ikkje- tru i landet vi bur i.  Staten skal aktivt understøtte dei ulike trus- og livssynssamfunna slik at ein både finansierer ei landsdekkande, grunnlovsfesta folkekyrkje, og likebehandlar dei andre trus- og livssynssamfunna. Dette er målet vårt. Eg trudde vi var einige om dette på Stortinget. Så når  Høgre og deira vener i opposisjon no gir den norske kyrkja eit kutt i hundremillionarsklassen, er det svært bekymringsfullt.

Men ikkje nok med det. Det kan også vere grunnlovsstridig. For om ein skal redusere statsstøtta til den norske kyrkja med 250 mill.kroner, som FrP vil, betyr det at 160 prestestillingar kan forsvinne. Men i grunnlova sin paragraf 16 står det: « Den norske kyrkja , ei evangelisk- luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten». Dermed er det  eit spørsmål om kor reduserte tilskota faktisk kan bli, før ein kjem i konflikt med Grunnlovas krav om å understøtte den norske kyrkja som vår folkekyrkje.

I dag er den norske kyrkja delt inn i 1.164 sokn. Det er 1.331 presteårsverk. Den får eit rammetilskot på 2,394 mrd.kroner. Ei landsdekkande folkekyrkje er viktig å ta vare på. Fordi det er ein del av Norge. Det aller viktigaste er at folkekyrkja gjer at folk kan praktisere trua si, og delta i kyrkjelege handlingar der dei bur. Men folkekyrkja  er så mykje meir i tillegg. Eg har merka meg det store engasjementet for å restaurere dei vakre kyrkjebygga våre. Det er lett å forstå. Det handlar om identitet, kulturarv og fellesskap. Kyrkja representerer framleis noko trygt og som gir håp, her vi bur, i ei verd som blir meir og meir uroleg.

Den norske kyrkja er gudstenester, gravferder, bryllaup og dåp, konfirmasjonar og  samlingar. Den norske kyrkja er møteplassar, fellesskap, beredskapsarbeid, sorgarbeid, sosialt arbeid for utsette grupper og særleg viktig barne og ungdomsarbeid . Den norske kyrkja er  konsertar, song, musikk, og mange, mange frivillige. Den norske kyrkja er småbarnstreff, eldretreff, flyktningtreff og ungdomstreff.  Kyrkjene er noko av dei aller nydelegaste kulturhistoriske bygningane vi har. Og dei står gjerne plassert på bygdas finaste tomter. Kan det bli meir vakkert?

Folkekyrkja bidreg til å skape himmel på jord, som vi treng, og som betyr meir enn mykje for mange, og for langt fleire enn dei som sit i  kyrkjebenkane kvar søndag.

Så kjære alle parti. Kan vi bli einige om ein ting? Kan vi no saman gi heilt tydelege signal om at  vi meiner noko med Grunnlova sin paragraf 16? Slik at vi også i framtida kan ha ei  landsdekkande folkekyrkje i Norge. I heile Norge. Fordi vi treng den.

Denne artikkelen ble først publisert 19.12.2023

Relaterte personer

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister

Statssekretærer:
Eli Blakstad
Trine Fagervik

Politisk rådgiver:
Maren Grøthe
Telefon: 22 24 90 90