Meny
5m1129947906_72e9b50d29_o_pp_pe

Torunn Flatjord ny fylkessekretær i Sogn og Fjordane Senterparti

Pressemelding

Jølstringen Torunn Flatjord er tilsett som ny fylkessekretær i Sogn og Fjordane Senterparti.  Ho tek over stillinga frå glopparen Per Rune Vereide frå 1. november i år.
 
Flatjord har tidlegare mellom anna vore fylkessekretær i Hordaland Senterparti, no kjem ho frå ei stilling i Senterpartiets Hovudorganisasjon.  -Det var i Sogn og Fjordane Senterparti eg starta karriera mi i Senterpartiet og no gler eg meg til å kome attende til heimlege trakter og medlemmer.  -Sogn og Fjordane Senterparti er eit av dei sterkaste fylkeslaga vi har i landet og eg ser fram til å vere med å bygge dette vidare seier Flatjord.
 

Flatjord avløyser Per Rune Vereide som har vore fylkessekretær i Sogn og Fjordane Senterparti sidan 1994.  -eg kjenner at det vert litt rart å slutte som fylkessekretær etter so mange år seier Vereide.  -Det har vore ein spennande arbeidsplass der eg har fått vere tett på den politiske utviklinga i Sogn og Fjordane i over 30 år, og Senterpartiet har vore med i den politiske leiinga av fylket alle desse åra.  Eg har fått lov å reise rundt til nesten kvar einaste krok i dette flotte fylket vårt og eg har blitt kjent med masse fine folk over alt seier Vereide.    
 
Vereide skal halde fram med å arbeide for Senterpartiet, no som organisasjonsrådgjevar i Senterpartiets Hovudorganisasjon.  -Eg skal mellom anna vere med å utvikle gode lokallag og fylkeslag i heile landet seier Vereide som ser fram til nye utfordringar.  -Litt erfaring har eg no kanskje fått med meg gjennom alle desse åra i Sogn og Fjordane so kanskje har eg nokre tips å lære vekk avsluttar Vereide. 
 
Både Flatjord og Vereide skal ha kontorstad på Vestland Sp sitt fylkeskontor på Sandane.