Gå til hovedinnhold

Vebjørn Varlid ny kommunikasjonssjef i Senterpartiet

Vebjørn Varlid Foto Sp
Senterpartiet si stortingsgruppe har tilsett Vebjørn Varlid (35) som ny kommunikasjonssjef. Sunnfjordingen kjem frå stillinga som pressesjef i Senterpartiet si stortingsgruppe, der han har arbeidd dei siste fem åra.

– Eg takkar for tilliten til å leie kommunikasjonsarbeidet i Senterpartiet. Senterpartiet er Noregs mest interessante parti. Vi har store moglegheiter til å gjere kvardagen til folk betre, og til å vise det fram gjennom nøkkelposisjonen vår på Stortinget. Nøkkelposisjonen skal vi halde fram med å bruke aktivt for å styrkje beredskapen i Noreg og for å byggje eit samfunn med små skilnader og sterke lokalsamfunn. Det har engasjert meg sidan eg melde meg inn i Sogn og Fjordane Senterungdommen som 15-åring, seier Vebjørn Varlid.

Varlid har tidlegare vore fungerande kommunikasjonssjef i Hovudorganisasjonen Virke. Han er frå Førde i Sunnfjord, og i dag bur han i Ås i Akershus. Varlid har bachelorgrad i marknadskommunikasjon og mastergrad i strategisk marknadsføringsleiing frå Handelshøgskulen BI. Han tiltrer stillinga 15. mars.

- For Senterpartiet framover vert det viktig å stå på for folkestyre, mot norsk EU-medlemskap og at vi skal ha levande lokalsamfunn i heile Noreg. No jobbar vi målretta fram mot kommunevalet i 2027 og då treng vi flinke folk. Vebjørn Varlid er kunnskapsrik, han er engasjert og veldig triveleg. Eg er veldig glad for at han verte vår nye kommunikasjonssjef, seier Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum.

- Eg vil og takka Gunnar Ringheim (72) for den store innsatsen han har lagt ned for Senterpartiet dei siste åra og ynskja han lykke til med nye prosjekt. seier Vedum. Varlid tek over rolla etter Gunnar Ringheim, som avsluttar sine fire år som kommunikasjonssjef i Senterpartiet fredag 13. mars.

Gunnar Ringheim

– Eg er takksam for å ha fått vere ein del av eit raust fellesskap og for å ha fått moglegheita til å arbeide tett med utruleg dyktige stortingsrepresentantar og rådgjevarar i ein særs spennande periode i norsk politikk – både i regjering og i opposisjon. Det har vore ei stor glede å bli kjend med alle dei fine folka i den store Senterparti-familien, på Stortinget, på partikontoret og i fylka rundt om i landet, seier Gunnar Ringheim.

No vender Ringheim tilbake til journalistikken. – Eg har fått førespurnad frå forlag om nokre bokprosjekt. Vi skal setje oss ned etter påske for å drøfte det, så får vi sjå kva vi landar på, seier Gunnar Ringheim.