
– No får du billegare vatn og avløp – ny momsreduksjon sparer deg for ein tusenlapp
Tysdag 1. juli blir momsen på vatn og avløp kutta frå 25 til 15 prosent. Det betyr lågare rekningar for vanlege folk – og dette er berre starten, ifølgje stortingsrepresentant og leiar av næringskomiteen Erling Sande (Sp).