Fylkestinget februar 2024
Det var i utgangspunktet ikkje så mange saker som skulle behandlast på fylkestinget den 20. – 22. februar, men det vart likevel gode politiske diskusjonar om blant anna høyring på forslag til forskrift til ny opplæringslov, Regional plan for Ottadalen og organisering for å sikre villreinen, areal- og naturregnskap for Innlandet og høyring på «NOU 2023:25 Omstilling til lavutslipp – Veivalg for klimapolitikken mot 2050 – rapport frå Klimautvalget 2050».
Vi behandla også fleire forvaltningsrevisjonsrapportar og spesielt dei om eigarinteresser i energisektoren (Eidsiva) og ivaretaking av leveringsforpliktingar for nettselskap (Elvia) var interessante å lese og må følges opp vidare inn i eigarskapsforvaltninga til Innlandet opp mot vår eigarskapsstrategi for Eidsiva.
Senterpartiet fekk med seg store deler av fylkestinget på å vedta i høyringa på rapporten frå Klimautvalet 2050 at ein lønsam bioøkonomi er avgjerande for den grøne omstillinga. At rammevilkåra ikkje må begrense innovasjon og næringsutvikling for grøn omstilling som gjev oss klimaeffekt, jf. Regional plan for klima, energi og miljø. I tillegg vedtok vi at Innlandet ynskjer å ta ei nasjonal rolle i å vise veg med digitalisering av plan- og kartverk, infrastruktur og sikkerheit og vi fekk fleirtal for at moglegheitsrommet for å ta CO2-opptak i skog og vegetasjon i Norge inn i klimaregnskapet bør greiast ut.
Vi løfta også problemstillinga med lokasjonar for produksjon av fornybar energi og at det bør kartleggast kva område som er mest aktuelle til det. Etter ei slik kartlegging bør det konsekvensutgreiast i kommunane som kan bli påverka. Vi bør ha eit nasjonal mål og lokale mål for kor mykje fornybar energi og effekt som skal produserast fram mot 2030. Vertskommunane bør sitte att med meir for å fornybar energi i sine område.
I saka om forskrift til ny opplæringsmål peikte vi på at ny opplæringslov med tilhøyrande forskrift gjev utvida rettigheiter til elevar og vaksne og at desse rettigheitene må takast omsyn til ved dimensjonering av det videregåande utdanningstilbudet i den enkelte fylkeskommune. I tillegg presiserte vi kor viktige opplæringskontora er og at dei har ein avgjerande rolle for at spesielt små og mellomstore bedrifter tek inn lærlingar.
Det vart også ein god debatt kring forvaltningsrevisjonen om eigarskapet vårt, saman med dei andre kommunane, i Eidsiva. Fylkestinget vedtok i juni 2022 ein eigarskapsstrategi som i høgste grad er aktuell i dag også. Dette må løftast inn i Eidsiva Energi Holding AS og for å forankre og drøfte med dei andre medeigarane i Innlandet.
I saka om leveringsforpliktingar for Elvia hadde vi eit tilleggsforslag fordi vi meiner dette er noko vi må få klarheit i. Det går på at vi etterlyser betre varsling når det oppstår feil på kraftnettet, også til kunder utan digital kommunikasjon, opplysing og rettleiing om kundane sine rettigheiter og avklare det med erstatning ved skader som fylgje av feil på kraftforsyninga.
Du kan lese meir om sakene i fylkestinget her: Utvalgsmøte (elementscloud.no)
Du kan også gå inn og sjå på Nett-TV og sjå nettsendinga av heile fylkestinget.