Meny
IMG_1326

Vi lever i og med naturen

Vi kan ikkje bagatellisere dei konsekvensane vårt forbruksmønster gjer med naturen, men vi kan diskutere og argumentere for korleis vi skal løyse dei utfordringane dette gjev oss.

Fylkestinget skal i juni vedta eit høyringsinnspel til «NOU 2024:2 I samspill med naturen – Naturrisiko for næringer, sektorer og samfunn i Norge». Dette er ein omfattande NOU som gjev oss mykje fakta om situasjonen kring natur både i Norge og internasjonalt, men mest av alt korleis vårt forbruksmønster og bruk av areal påverkar den naturen vi alle er avhengige av.

Det er på tide at vi som bur i Norge, som har ein levestandard mange andre kan drøyme om, tek ein fot i bakken for korleis vi påverkar både vår eigen natur og korleis vårt forbruksmønster også påverkar naturen i andre land. Eg anbefaler alle å gå inn og lese NOU-en og gjere seg opp ei meining om korleis du som enkeltperson og vi som samfunn skal sikre generasjonane som kjem etter oss gode liv med ein natur i balanse. Einsidig fokus på vekst har ein kostnad. Vi må kunne bruke naturen, men ikkje ved overforbruk.

Det som er og blir dilemmaet er kven og på kva nivå som skal påverke og bestemme utviklinga. Alle endringar og omstillingar kan skape store spenningar og nye dilemma. Det blir peikt på at det er mellom offentleg og privat sektor, mellom ulike sektorar og næringar, mellom kortsiktige og langsiktige samfunnsmål, mellom nasjonale og internasjonale mål og ikkje minst mellom statleg styring og lokalt sjølvstyre spenningar og dilemma ligg.

Det som er udiskutabelt er at naturen er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda, så den må vi stelle pent med. Vi må produsere mat, sikre reint vatn, vi treng energi og vi brukar naturressursar til ulike produkt vi er avhengige av. Vi må også ta på alvor at arealbruksendringane med nedbygging, oppstykking og attgroing har stor innverknad på naturmangfaldet og at hausting av naturen må gjerast med varsemd både på land og i vann- og havområde.

I Norge har vi bygd ned kring 1,2 mill. dekar dyrka og dyrkbar jord sidan andre verdskrig på grunn av befolkningsvekst i dei største byane. Likevel har jordbruksarealet halde seg stabilt på grunn av nydyrking, men jorda med best kvalitet er bygd ned. Derfor er eit styrka jordvern viktig. Tradisjonelt har også utmarksressursane vore viktige for matauk og etter kvart for rekreasjon. I tillegg produserer vi i Norge mykje fornybar energi og skogen er ein viktig del av næringsgrunnlaget for innlandssamfunnet.

Det står i NOU-en at erfaringsbasert og tradisjonell kunnskap er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for berekraftig forvaltning av natur. Det er både rett og viktig, men da må det også påverke kven og kvar ulike tiltak skal avgjerast.

Skal vi som samfunn lykkast med å ta omsyn til naturen i større grad i arealforvaltninga er det avgjerande med gode lokalt forankra prosessar før vedtak om framtidig arealbruk blir fatta. Skal konkrete løysingar stå seg over tid må dei bidra til levedyktige og attraktive lokalsamfunn for innbyggarane og næringsliv, og samtidig respektere rammene skapt av behovet til klimaomstilling og bevaring av naturmangfald.

Skal vi som samfunn lykkast med dette må det også politisk vilje og tverrpolitiske løysingar til som står seg over tid. Det fortener både vi og det fortener naturen.

Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet