Ein god vidaregåande skule er god beredskap
I fylkestinget i oktober fekk vi presentert Tilstandsrapporten for skuleåret 2024/2025 som gav oss eit innblikk og ei viss oversikt over tilstanden i dei vidaregåande skulane i Innlandet. Det er mykje fokus i rapporten på statistikk og måltal, men skule er så mykje meir enn tellekantar, prosentar og grafar.
Skule er ein arena der alle barn og unge skal delta i mange år. Dei skal lære, utforske, vere nysgjerrige, utfordre, opponere, samarbeide, kverulere og gjere seg opp erfaringar for korleis livet skal levast og utviklast gjennom regler, fellesskap, konsekvensar og kunnskap.
I innleiinga i den nye Opplæringslova blir det peikt på at «den er det sentrale rettslege rammeverket for at skulen skal lykkast med det viktige samfunnsoppdraget sitt. Det skal leggast til rette for at alle barn skal få like moglegheiter til utdanning uavhengig av kvar ein bur, sosial bakgrunn, kulturell og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn.» Det blir også peikt på at skulen har både eit danningsoppdrag og eit utdanningsoppdrag.
Fylkeskommunen skal ha ei viktig rolle som samfunnsutviklar og det må spegle korleis vi jobbar både administrativt og politisk. Kompetanse og næring må i større grad enn i dag samarbeide og samhandle om korleis vi skal løyse utfordringane med å sikre nok arbeidskraft for næringslivet og kommunane våre, korleis vi skal løyse utanforskapet og korleis vi kan samarbeide betre på tvers av næringsliv, NAV, kommunar og fylkeskommunen.
"Vi både ser og erfarer at verda ikkje står stille. Det kan bli ein ny pandemi, det kan bli uvær og flaum og det kan i verste fall bli ein krig."
Da handlar det i tillegg til tellekantar, måltal, prosentar og grafar, om å sikre arbeidskraft til det som er viktigast for beredskap og forsvar og lokalt næringsliv som matproduksjon, helsetenester, forsvarspersonell og -utstyr og handverkarar som kan reparere, vedlikehalde og ordne for å nemne noko. Men også kreativitet og kultur som styrkar samhald og gode lokalsamfunn.
Forsikringspremien vår er å sikre utdanning og utdanningstilbod som gjer oss rusta for å møte framtida. Det å investere i elevane og deira utdanningstilbod og sikre gode lærekrefter og god geografisk og sosial balanse er den beste forsikringa for at folketalet skal stabilisere seg eller til og med gå opp, og for ein god vidaregåande skule for alle.
Innlandet fylkeskommune har støtta prosjekt som skal tiltrekke oss 10.000 nye innbyggarar, vi har ei stor satsing i Gjøvik-regionen på grunn av opprusting av forsvaret og fordi Innlandet er eit stort og viktig matfylke har vi eit stort ansvar for å vere med og auke sjølvforsyninga i Norge. Da er det eit paradoks at fleirtalet legg ned skular og skulestadar som fører til at vi samtidig må bygge nytt for å få plass til elevane i eit fylke med ein ambisjon om fleire innbyggarar. Vi burde nå heller bruke dei skulebygga vi har og sjå korleis folke- og elevtalet vil utvikle seg før vi investerer opp mot 1 mrd. kroner i nye skulebygg og internat.
Senterpartiet meiner at vi må planlegge for å anten stabilisere folketalet og gjere tiltak som gjer at familiar vel å bli buande eller vil flytte til oss. Da må vi både ha plass til elevane i sine nærmiljø, rekruttere og sikre gode lærarar, ha eit utdanningstilbod som svarar opp behovet for arbeidskraft som dei ulike lokalsamfunna har og som styrkar motstandskraft og førebygger utanforskap. Det vil styrke vår beredskap.