Gå til hovedinnhold

Fakkeltog for nødvendige helsetilbod

Aud Hove
Skrevet av: Aud Hove
Innlandet
Fakkeltog_Tynset2

Kor lenge skal vi sjå på og godta at viktige tilbod og tenester innanfor spesialisthelsetenesta til våre innbyggarar blir lagt ned, redusert eller flytta på?

Vi ser nå verkeleg konsekvensane av helseforetaksmodellen! Det skal spinkast og sparast, det skal utredast og vurderast og justerast, budsjetta skal vere økonomisk berekraftige og det skal samlast til robuste fagmiljø – alt for å spare opp til og førebu oss til eit nytt hovudsjukehus på Moelv. Eit sjukehus som har vore diskutert og planlagt i mange, mange år og som vi enda ikkje sikkert veit når blir bygd eller korleis det blir bygd. Infrastrukturen kring det nye hovudsjukehuset er også høgst usikker, så dette vil ta si tid.

Kostnadane har auka og hovudsjukehuset har minka opp gjennom alle desse åra.

Dei sjukehusa vi har i dag, med somatikk på Gjøvik, Lillehammer, Hamar, Elverum og Tynset, med psykiatri og rus på Reinsvoll og Sanderud, går for lut og kaldt vatn i påvente av å anten bli lagt ned eller ha redusert aktivitet og tilbod når det nye hovudsjukehuset står ferdig. Vi har forebyggande avdelingar og rehabilitering, som Solås, med særs viktige tilbod som blir samla og flytta på. Dei tilsette spring fortare og gjer så godt dei kan, men dessverre sluttar ein del av dei også.

Sjå til andre delar av Helse Sør-Øst og landet. Lokalsjukehus blir lagt ned eller plukka frå kvarandre bit for bit, til store protestar, og nye større sjukehus blir bygde for små til erstatning for lokalsjukehusa. Vi har sjukehusa på Kalnes i Østfold, Stavanger i Rogaland og Drammen i Buskerud. Vi ser det i Møre- og Romsdal og lenger nord. Det som skjer i Oslo er eit kapittel for seg sjølv.

Aud Hove i fakkeltog

Torsdag kveld 5. mars var eg med og gjekk i fakkeltog på Tynset og høyrde sterke appellar frå berørte og tverrpolitisk om behovet for heildøgns psykiatri i ein region med altfor mykje sjølvmord. Dagen etter, fredag 6. mars, kom nyheita om at DPS på Tynset blir lagt ned frå 1. april fordi dei må spare pengar for å kunne få lån til nytt hovudsjukehus. Døgneininga ved DPS Otta (Bredebygden) vart lagt ned i 2018/2019 og stengd i løpet av 2020 på grunn av økonomiske grunnar, trass i betydeleg lokal motstand.

Derfor må vi stille spørsmål om kor lenge vi skal sjå på og godta at viktige tilbod og tenester innanfor spesialisthelsetenesta til våre innbyggarar blir lagt ned, redusert eller flytta på i påvente av og for innsparing til eit nytt hovudsjukehus?

Senterpartiet vil avvikle helseføretakmodellen og ta sjukehusa tilbake til folkevald styring og offentleg forvaltning. Vi vil føre vidare statleg eigarskap med direkte finansiering, men overføre dagens regionale ansvar til folkevalde sjukehusstyre, valt av medlemmane i fylkestinget. Desse skal styre innanfor rammene nedfelte av Stortinget i nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Dei store investeringane i sektoren står i fare for å knekkje økonomien til helseføretaka. Dette medfører at gode tilbod over heile landet står i fare for å bli lagde ned for å sikre investeringskapital, noko som vil gå ut over drifta og pasientane.

Helseforetaksmodellen må endrast! Vi kan ikkje spare oss til fant på bekostning av viktige tilbod til våre innbyggarar for nødvendige investeringar Innlandet treng! Pasientane blir ikkje friske av det.