Gå til hovedinnhold

Når lokalsamfunna protesterer og mobiliserer!

Aud Hove
Skrevet av: Aud Hove
Innlandet
54335367913_7d57aa2708_o

Når det offentlege eller storsamfunnet trekker seg attende, mobiliserer lokalsamfunna. Ikkje fordi det er på autopilot å protestere mot endringar, men fordi tenestene og arbeidsplassane og framtidstru betyr så mykje for dei som bur der. Som oftast tonar protestane ut når nedlegging, flytting eller avvikling er gjennomført, men ikkje alltid. Ta Nord-Gudbrandsdal som døme.

Den vidaregåande skulen på Hjerleid vart over fleire år stykkevis og delt lagt ned og etter kvart delvis flytta til Dombås. Likevel har eit sterkt lokalmiljø kring Hjerleid greidd å bygge opp eit både lokalt og nasjonalt tilbod innan handverkstradisjonar der også lokale bedrifter og handverkarar held til. Dette står det stor respekt av. Det er lagt ned uttallige timar og det har vore mange møte og prosjekt for å få til dette frå lokale ildsjelar, næringsliv, organisasjonar og lokalpolitikarar, men også i samarbeid med det offentlege.

Det er også verdt å nemne kampen for produksjonen av raudosten G35 på grensemeieriet TINE Lom og Skjåk som har blussa opp med jamne mellomrom i mange, mange år. Her er også den lokale identiteten og kampen for arbeidsplassar og det som norddølane meiner høyrer seg til viktig.

I desember 2019 bestemte Nortura seg for å legge ned slakteriet på Otta til sterke protester frå både fjern og nær. Mange stilte spørsmål til samvirket si rolle når dei i eit så sterkt jordbruksmiljø og trass gode økonomiske resultat ved slakteriet, likevel la ned og sentraliserte aktiviteten til andre delar av landet. Her var det også eit sterke lokale og regionale krefter som kasta seg rundt og i februar 2021 kjem nyheita om at det blireit nytt, privat slakteri på Otta til 350 millionar og 60 arbeidsplassar.

I oktober 2024 vart det lagt ned fleire skulestadar og skular i Innlandet og to av skulestadane var i Nord-Gudbrandsdalen. I praksis vart Dombås lagt ned året før, men Lom var med i vurderingane og dei politiske dragkampane i skulestruktursaka. Dette vekte ei motmakt av dei sjeldne i heile fylket, men også nasjonalt. «Tek du bort skulen, tek du bort framtidstrua vår», var det ei som sa til meg i løpet av prosessen. Her vart det eit skarpt skille mellom dei som kjempa for lokalsamfunna sine og tilbodet til ungdommane der og dei som meiner at vi må samle til større skular. Men felles for alle var redselen for å miste tilbod der den enkelte bur, uansett kva skulestad det gjaldt.

Men som på Hjerleid og på Otta stod lokalsamfunnet og næringslivet opp og både protesterte og mobiliserte for at skulen skulle bestå. Den 19. januar 2026 vart Jotunheimen private vidaregåande skule godkjent av Kunnskapsdepartementet på grunn av distriktspolitiske omsyn og det store engasjementet som lokalsamfunnet har vist i saka. Slakteriet på Otta er i gang. Det blir produsert raudost av fleire slag i Lom og Skjåk. På Hjerleid er det stor aktivitet med både skuletilbod, kurs og næringsverksemd.

Dette viser at det nyttar å kjempe og stå opp for det ein både har trua på og meiner lokalsamfunnet treng for å skape utvikling og optimisme. Denne entusiasmen og dette pågangsmotet er det kommunane og ikkje minst fylkeskommunen, med sitt ansvar for samfunnsutvikling som regional utviklingsaktør, må heie på for å bygge opp under ei positiv utvikling.

Nå stig fødselstala. Vi har plass til fleire og Innlandet har ei viktig rolle innanfor både sjølvforsyning og oppbygging av beredskap og forsvar. Eg har trua!