Gå til hovedinnhold

Dieselavgift og raude tal

Aud Hove
Skrevet av: Aud Hove
Innlandet
Aud Hove

Den som driv som sjølvstendig næringsdrivande og som har fleire tilsette gjer alt som trengs for å behalde dei tilsette og få bedrifta til å gå. Dette kjenner transport- og bygg og anleggsnæringa på i desse dagar.

Kostnadsauken som har vore dei siste åra har tæra på botnlina og svekka likviditeten for bedriftene. Auka drivstoffprisar, straum- og materialkostnadar og renter fører til raude tal. Det igjen fører til at næringa har utfordringar med å omstille seg for å nå måla om å redusere utsleppa frå transportsektoren med 55% i 2030 og 90-95% i 2050. Har du raude tal blir det også vanskeleg å omstille maskinparken. Det må vi forstå.

I debatten om å kutte i dieselavgifta blir det frå fleire parti peikt på at det berre er å kjøpe seg ein el-bil eller for transportnæringa å omstille seg til nullutsleppsteknologi for å sleppe unna dyr diesel. For det fyrste er det mykje dyrare å kjøpe ein el-lastebil enn ein som går på diesel. For det andre må vi stille spørsmål ved om det ikkje er betre å bruke opp dei bilane vi har før ein kjøper nytt. Det er eit miljørekneskap ved det også. For det tredje kan dagens bilar med dieselmotor bruke HVO100, som er eit 100 % fornybart, fossilfritt flytande drivstoff som fungerer som ei direkte erstatning for vanleg diesel. Dette gjev ein reduksjon av klimagassutslepp på ca. 90% samanlikna med fossil diesel. Er ikkje det godt nok når situasjonen er som den er?

Når ei oversikt frå Norges Lastebileier-Forbund (NLF) viser at det frå den 24.02.-15.09.2026 har vore ei prisauke på 29,9%, må vi ta inn over oss at kvar ei krone vi kan dempe prisveksten med vil vere med og redde ei næring som vi alle er heilt avhengige av.

Kven skal frakte varene rundt omkring i landet? Kven skal brøyte vegane i vinter og strø når det er glatt? Kven skal stille opp med gravemaskin og utstyr dersom vi får ein ny «Hans» på besøk? Kven skal transportere elevane til og frå skulane? Kven skal betale for auka dieselprisar innan landbruket - den enkelte bonde eller skogbrukar eller vi som kundar? Med andre ord vil det få store konsekvensar om vi ikkje gjer det vi kan for å dempe kostnadsveksten og om bedrifter må avvikle.

Det blir frå Ap og H peikt på at vi må ha ansvarleg styring. Eg meiner det er uansvarleg styring å ikkje ta inn over seg at vi er på tur inn i ei krise for denne næringa som fyrst og fremst vil lamme oss som samfunn. Den enkelte sjåfør eller bedriftseigar kan nok alltids få seg anna arbeid, men jobben dei gjer blir ikkje nødvendigvis erstatta av andre.

Under finanskrisen i 2008 blei bankane redda av staten for å sikre at bedrifter og vanlege hushald skulle få tilgang til lån. Nå må vi redde transportnæringa ved å lempe på krav, sikre lågare dieselprisar under denne akutte krisa og sikre meir forutsigbarheit for ei sårbar bransje som står på døgnet rundt.