Skulenedlegging aukar risikoen for utanforskap
Det var den tydelege bodskapen i mange, mange høyringsinnspel da den store skulestrukturdebatten gjekk i 2024. Skulenedlegging aukar risikoen for utanforskap. Den meldinga fekk fylkesordføraren og heile fylkestinget frå NAV, politi, kommunar og mange andre som ser verdien av å ha tett oppfylging av ungdommen i ei sårbar tid.
Når fylkesordføraren nå, nesten to år etter å ha lagt ned 2 skular og 4 skulestadar mot store protestar, går ut og seier at Innlandet ikkje har råd til utanforskap, blir det hult. Dette ville ikkje fleirtalet verken prate om eller vektlegge når dei la fram sitt endelege forslag til avvikling av skular den 4. oktober 2024, to veker før fylkestinget skulle gjere endeleg vedtak.
Det som er bra er at det er ein felles offensiv frå fylkeskommunen saman med NAV, LO, NHO, KS og Statsforvaltaren om tiltak for å sikre at fleire unge kjem i arbeid og vil setje ein god presedens for å bekjempe utanforskap. Da treng vi lokalkunnskap og -kjennskap og samarbeid på tvers for å legge best mogleg til rette, men uansett skal den enkelte ungdom fyrst inn i den vidaregåande skulen og gjennomføre den. Vi veit også at det ofte er avgjerande for motivasjonen til elevane for å fullføre at dei får fyrstevalet sitt.
Det å ha tilgang til ein vidaregåande skule i nærleiken og ikkje bli tvinga på buss i mange timar eller på hybel, kan vere ein særs viktig faktor for at mange ungdommar skal komme seg gjennom skuleløpet. Det å ha tett kontakt med næringslivet og kommunane opp mot både praksis- og lærlingplassar og det å kunne ha både kvelds- og helgejobbar gjennom desse ungdomsåra er også viktig for mange. Det å kunne velje eit kjent og oversikteleg miljø kan for mange vere trygt. Og ikkje minst det å ha tett og godt samarbeid mellom ungdomsskulen og den vidaregåande skulen dersom ein ser at det er elever som treng ekstra omsorg og oppfylging.
Senterpartiet var sterkt kritiske til både kor lite høyringsinnspel vart teke omsyn til og korleis dei ungdommane, tilsette og lokalsamfunn dette ville påverke ikkje fekk moglegheit til å kommentere det endelege forslaget til vedtak. Vi hadde fleire spørsmål enn svar etter at fleirtalet pressa gjennom med eit knapt fleirtal at over 700 ungdommar og 200 tilsette ville miste sin nærskule og sin arbeidsplass. Eit vedtak som påverka ungdommane spesielt, men også næringslivet og tilgang på kompetanse i mange kommunar.
Når det ligg an til politiske vedtak som vil kunne påføre både enkeltpersonar, bedrifter, lokalsamfunn og regionar store endringar er det avgjerande med gode prosessar, vurderingar og tilstrekkeleg med kunnskap om ulike alternativ og konsekvensar. Noko samfunnsanalyse om konsekvensane av å legge ned så mange skular fekk vi aldri.
Fylkesordføraren er sitert i media på det er viktig å førebygge utanforskap i tidleg fase, og seier at deira aller viktigaste tiltak i dag er å sikre at flest mogleg fullfører vidaregåande skule. Breen forklarar at dei har vald å tilpasse skulestrukturen i fylket slik at yrkesfagtilbodet i større grad blir retta mot næringane med størst bemanningsbehov. Det han ikkje seier noko om, er at vi har eit næringsliv i dei områda som mista den vidaregåande skulen og kommunar som har utfordringar med å få tak i læringar på grunn av strukturendringane.
Vi har også ein fylkesordførar som har varsla at det vil komme fleire skulenedleggingar. Meiner da fylkesordføraren at å legge ned endra fleire skulestadar er den rette medisinen for å hindre utanforskap?