Viktige høyringssaker i fylkesutvalet
Tysdag 25. august hadde fylkesutvalet fyrste møte etter sommarferien og vi hadde fleire saker til behandling, men spesielt to høyringssaker skapte litt debatt og engasjement. Det var høyring om NOU-en om den nye velferdskommunen og høyringsinnspel til standardiserte minimumskrav om nullutsleppsløyginar og biogass på offentlege bygge og anleggsplassar.
Velferdskommunen
Her poengterte Sp saman med Krf at i tillegg til å ha fokus på kva kommunane og fylkeskommunane sjølve kan gjere, må vi også sjå på korleis tenesteleveransen og organiseringa av helseføretak påverkar tenestene og velferda i kommunane. Mange kommuner erfarer at dette, som skulle vere ein likeverdig arena for samhandling og samarbeid, blir styrt utifrå økonomi og kapasitet på sjukehusa. Kommunane blir da dei som må «plukke opp» pasientane og det er både ei organisatorisk og ei økonomisk utfordring.
I tillegg hadde vi eit forslag fekk brei støtte som omhandla eit målretta samfunnsoppdrag for framtidas velferd for å redusere og utsette behovet for velferdstenester i møtet med demografiske endringar og mangel på ressursar. Ei sterkare vekt på førebygging, folkehelse og tidleg innsats, både for barn og unge og eldre, er ei langsiktig investering som det må jobbast med på tvers av sektorar og kommuner.
Vi var også tydelege på at det er ikkje det å endre kommunestruktur som vil sikre velferda for innbyggarane våre, men kommunane må sikrast tilstrekkeleg økonomisk handlingsrom for å kunne handtere kostnadar i ei omstillingsfase, før gevinstane kan realiserast.
Standardiserte minimumskrav
Dette er ei viktig sak som kan får stor påverknad på mange. Intensjonen og formålet med forskrifta er at offentleg sektor skal gå framfor i arbeidet med å få ned utsleppa på offentlege bygge- og anleggsplassar, men forslaga til forskrift kan fort føre til høg kostnad i høve til reell reduksjon av klimautslepp, ein redusert fleksibilitet til å gjere kost-nytte-vurderingar i eigen portefylje slik at det gjev ei samla god effekt for klima- og miljøomsyn og dei kan føre til ei stor meirbelastning for små og mellomstore bedrifter i ei allereie pressa næring.
Sp hadde 5 tilleggsforslag for å tydeleggjere kva utfordringar forslaga til nye forskrifter gjev, og du kan finne dei på fylkeskommunen sine nettsider om du er interessert i å sjå dei.
Til slutt peikte vi må kor viktig det er at vi ikkje svekker lokale entreprenørar og leverandørar sine moglegheiter i konkuransen om anbod med tanke på beredskap. Det er avgjerande viktig at vi legg til rette for dei lokale som raskt kan trå til ved ras, flaum og oversvømmingar om ei krise oppstår.
Vil du leser meir om dei politiske sakene som var oppe, går du inn på innlandetfylke.no, politikk og finn dei ulike utvala på dei aktuelle datoane det er møter.