Randi er 40 år, bur i Valldal og har sambuar og to barn. Ho har etablert si eiga bedrift der ho jobbar som frisør. På fritida likar ho friluftsliv, hundetrening og å engasjere seg i barna sine kvardag og fritidsaktivitetar. Det er første gong ho stiller på liste, men den store hjartesaka hennar er å ivareta barnefamiliane i kommunen. Det hjelper ikkje å berre snakke om at ein ønsker tilflytting, ein må også vise det gjennom handling. Eksempel på dette vil vere gode barnehagar og skular, bevare kultur og frivilligheit, arbeidsplassar og bustader. Randi syns også det er viktig å få orden på kommuneøkonomien og eit godt samarbeid i kommunen. Ho har også tru på at auka bemanning innan helse ville kunne bidra til mindre sjukefråver.