Meny

Kommunevalprogram 2023 - 2027

Grunnsyn og målsetting

Senterpartiet vil bygge samfunnet nedanfrå. Vi vil ha eit samfunn med frie, sjølvstendige menneske, som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og for natur og miljø.

Senterpartiet er eit verdikonservativt parti som vil bygge politikken sin på eit kristent/humanistisk grunnsyn. Vi meiner at trivsel, tryggleik og gode tenester for kvar einskild innbyggar skal vere det viktigaste målet for all kommunal verksemd. Kommunen sin politikk må ha eit desentralisert mønster. Vi vil sikre kommunen handlingsrom gjennom god økonomisk styring.

Herøy Senterparti vil arbeide for god kvalitet på tenestene til ein akseptabel pris

Bustadpolitikk

Senterpartiet vil arbeide for

  • at kommunen skal ha styring med korleis Herøy skal utvikle seg som kommune, der det er særs viktig at det vert ein tettstad for folket, med fokus på grøne lunger og trivsel
  • å sikre trygge og gode bu- og oppvekstmiljø i heile kommunen
  • gode og tenlege tomtetilbod både i sentrumskrinsen og dei andre bygdelaga i kommunen
  • å ivareta god byggeskikk ved nybygging og rehabiliteringar
  • å auke ramma til startlån slik at unge i etableringsfasen, familiar, einslege og flyktningar som har vanskeleg for å få lån i private bankar skal ha moglegheit til å kjøpe eller bygge tenelege bustadar/leilegheiter
  • ei langsiktig planlegging gjennom kommunalplanen, og kvalitativ utvikling av bygningsmassane
  • at kommunen framstår som imøtekomande og positiv for dei som skal  etablere seg i kommunen

Skule og oppvekst

Barnehage- og skuletilbodet må stå i stil med utbygging av nye bustader og bustadfelt. Grunnskulen skal vere ein god stad for læring og trivsel og vere utan mobbing.

Senterpartiet vil arbeide for

  • å behalde dagens skulestruktur i barne- og ungdomstrinna
  • sikre drifta av dei 4 kommunale barnehagane vi har i kommunen
  • å behalde eit godt og desentralisert barnehagetilbod
  • auka ressursar og fleire lærarar til grunnskulen, særleg på 1.-4. trinn
  • å prioritere ei styrking av helsesøstertenesta i skulane
  • eit godt SFO-tilbod på alle barneskulane, gjerne i samarbeid med lag og organisasjonar
  • sikker skuleskyss der alle elevar skal ha rett til sitjeplass i bussen
  • at den vidaregåande skulen skal kunne gje eit variert utdanningstilbod i samarbeid med næringslivet i regionen og distriktet
  • å auke ressursane i kulturskulen og gjere den tilgjengeleg for alle
  • eit gratis, sunt og godt måltid i grunnskulen

Kultur- og fritidstilbod

Eit allsidig kultur- og fritidstilbod er avgjerande for trivselen i kommunen. Grunnlaget for mangfald av kulturliv og fritidstilbod ligg i aktiviteten til frivillige lag og organisasjonar. Sentralt i arbeidet for byggjande kultur- og fritidstilbod står idretts- og nærmiljøanlegg, grendehus, samlingshus og andre samlingsstader. Senterpartiet vil støtte og stimulere det arbeidet desse gjer saman med andre byggjande kultur- og fritidsaktivitetar, og arbeide for at desse skal få støtte til drifta.

Senterpartiet vil arbeide for

  • at barnefamiliar med redusert økonomi får tilgang til kultur- og fritidstilbod
  • å sikre grøntanlegg og parkar som trivsels- og møteplassar for alle
  • å ta vare på verneverdige bygg som er att i kommunen  
  • at kommunen må ta vare på og utvikle eigedomen på Herøy Gard og sunnmørsjekta «Anna Olava» til aktiv bruk
  • å legge til rette for, og støtte opp om aktivitetar for uorganisert ungdom
  • å støtte opp om ungdomsrådet
  • å oppretthalde midlane for trivselstiltak i krinsane
  • å utvide eksisterande friluftstilbod til born og unge
  • å støtte og oppmuntre til frivillige tiltak, og å få innbyggarane i alle aldrar til å bruke den unike naturen og fritidstilboda vi har i kommunen
  • å støtte og legge til rette for å bygge gang- og turstiar tilpassa rullestolbrukarar fleire plasser i kommunen
  • å støtte frivillige lag og organisasjonar innan idrett og friluftsaktivitetar
  • å støtte og styrke UFO-prosjekt både i ytre og indre del av kommunen vår

Helse og omsorg

Senterpartiet vil arbeide for å oppretthalde eit godt helsetilbod i Herøy med gode lækjar-, tannlækjar-, jordmor-, sjukepleie-, fysioterapi-, ergoterapi-, logoped-, ambulanse- og omsorgstenester. Planane for eldreomsorga må verte evaluerte og sette ut i livet i takt med behovet. I den grad det skal brukast innleigd arbeidskraft må kravet til språkkunnskap være slik at dei tilsette kan kommunisere skikkeleg med kollegaer, klientar og pasientar. Senterpartiet ynskjer at dei som vil og kan får bu i heimemiljøet so lenge dei klarer det, men ein skal ha rett til pleie- og omsorgsplass når ein ynskjer/treng det.
Senterpartiet vil arbeide for å få i stand eit møtepunkt med lettare servering for bebuarar og besøkande som befinn seg i området kring Herøy Omsorgssenter.

Senterpartiet vil arbeide for

  • å styrke helsesøstertenesta i skulane
  • å auke grunnbemanninga og få fleire heile stillingar på sjukeheimar, omsorgsbustadar og i heimetenesta for å redusere sjukefråværet
  • å tilby heile stillingar til alle som ynskjer det
  • ei god og stabil kommunehelseteneste og omsorgsteneste for alle innbyggarane i kommunen
  • å leggje vekt på førebyggjande helsearbeid og vidareføre Frivilligsentralen
  • at alle innbyggjarar som treng det skal få tilbod om institusjonsplass
  • at ein aukar kapasitet på avlastningsplassar, eldrebustader og omsorgsbustader
  • at pleiepersonell og tilsette i helse- og omsorgstenesta får gode arbeidstilhøve med mogelegheit for vidareutdanning
  • at kommunen skal følge nasjonale retningslinjer for omsorgslønn
  • å styrke fysio- og ergoterapitenesta
  • å oppretthalde akuttfunksjonen for lokalsjukehuset i Volda
  • å oppretthalde tenestene ved Mork Rehabiliteringssenter

Beredskap

Herøy Kommune må førebu seg på at interkommunalt samarbeid vil auke. Med Myrvåg si geografiske plassering må eit område der verte øyremerka til oppsett av utrykkingssentralar for brannvesen-, politi- og ambulansetenestene.

Herøy Senterparti ynskjer å

  • ha døgnbemanna blålyssentral i Myrvåg

Sosialpolitikk

Senterpartiet vil arbeide for

  • å redusere problem knytte til rusmisbruk
  • å gjenopprette og styrke sosiale tilbod for personar med begrensa sosialt nettverk
  • eit viktig og haldningsskapande arbeid og førebygging i skulane
  • at dei som har vanskar må få hjelp til å kome ut av rusproblema sine
  • at ungdomspsykiatri, PP-teneste, helsesøsterteneste og barnevern må samarbeide med foreldre og skule, både for å førebygge og å drive ettervern. Psykisk helse er viktig.
  • meir synleg lokalpoliti
  • at flyktningar som vert plasserte i kommunen må integrerast i lokalmiljøet. Det må stillast krav til at dei som får opphald, tilpassar seg det samfunnet dei skal bu i, og at dei lærer så mykje norsk språk som mogleg slik at dei kan fungere godt i lokalsamfunnet
  • at barnetrygda ikkje skal vere ein del av grunnlaget for sosialstøtte

Samferdsel

Arbeidet med utbetring av vegar, farlege kryss, tunellar og bruer i Herøy må halde fram.

Herøy Senterparti vil arbeide for eit trygt trafikkmiljø for alle trafikkantar, særleg viktig er det å gi borna våre trygg skuleveg.  Fleire gang- og sykkelvegar må byggast der det er behov, også langs fylkesvegane.

Vi vil arbeide aktivt opp mot fylkeskommunen og Vegvesenet for løyving av midlar til dette arbeidet.

Gode kollektivtilbod tilpassa brukarane er óg viktig.

Senterpartiet vil i komande 4-årsperiode arbeide for

  • at fylkeskommunen set av pengar til planlegging og bygging av gang- og sykkelveg langs dei farlege vegstrekningane FV18 Leine-Voldsund, Fv654 Skarabakken til Einedalen skule, Fv61/654 gatelys forbi Myrvåg, gangveg frå Lanterna Marina til Nautøya, over- eller undergang ved «Koppensvingen» FV 654
  • samanhengande gang- og sykkelvegar i heile kommunen
  • sikker sykkelparkering i Fosnavåg sentrum, og i tilknyting til busshaldeplassen ved Myrvåg
  • gangveg i Sandvika, og busstilbod til elevane der
  • gangveg langs heile fylkesveg 10, Moltustranda
  • sikre avkøyrsel til nytt byggefelt i Stokksund sydaust om skulen, for å ikkje sluse alle bilane rundt skulen i rushtrafikken
  • tilstrekkelege overgangar for mjuke trafikkantar i Tjørvåg
  • fleire ladestasjonar for elbilar i kommunen
  • at fleire kommunale bilar er elbilar
  • turstiar der det ikkje er hensiktsmessig med gang- og sykkelvegar
  • fortau og gangareal må vere universelt utforma
  • fartsregulerande tiltak ved gang- og sykkelvegar, særleg ved skulane fram til trafikktryggingstiltak vert realisert
  • betre kollektivtilbod i heile kommunen
  • vedlikehald og opprusting av eksisterande kommunale vegar, bruer og kaier
  • at Vegvesenet og fylket sikrar trafikkfarlege kryss og vegstrekningar i kommunen, også før permanente løysingar er på plass, til dømes:
  • Leine – Voldsund
  • Einedalen – Skarabakken
  • Stoksund barne- og ungdomsskule ( anleggsarbeid ved utbygging av nytt byggefelt )
  • ny Dragsund bru
  • «Koppensvingen»
  • at planlegging og realisering av eit nytt samband  over nordre vaulen ( Remøybrua ) vert gjennomført.

Næringsliv

Senterpartiet vil arbeide for å halde oppe og utvikle eit variert næringsliv, gjerne i samarbeid med nabokommunane. Alle verksemder må sikrast gode vilkår for framtidig drift, og det må arbeidast aktivt inn mot myndigheitene for gode og langsiktige rammevilkår.

 Senterpartiet vil arbeide for

  • at Herøy kommune skal ta sin del av ansvaret for matproduksjonen i Noreg, jordvern er viktig
  • auke innsatsen for å få på plass lærlingbedrifter i kommunen
  • Tannhjulat gjennom kommuneplanen sin arealdel, å sikre at dyrka og dyrkbar jord ikkje vert nedbygd
  • å sørge for at bøndene får gode arbeidsvilkår og å framsnakke næringa
  • å etablere eit permanent område for torgdrift i Fosnavåg til bruk for lokale matprodusentar
  • at kommunen til ei kvar tid kan tilby næringstomter både til landtilknytte næringar og til dei som er avhengige av sjøtilkomst
  • at kommunen gjennom næringsfondet aktivt legg til rette for og støttar opp om nye etableringar i alle næringar
  • ei gjennomføring av planane for Fosnavåg hamn
  • å øyremerke områder i Myrvåg for større handelskjeder
  • å leggje forholda til rette for reiseliv og turisme, i samråd med lokalbefolkninga og næringane på stadane
  • å tildele konsesjon for sommarbåtruter, til dømes Fosnavåg, Runde, Herøy Gard, Jensholmen, Torvik og Kjeldsund
  • ei øyremerking og freista etablering av område for bobilturistar i nærheita av Herøy Gard og Kjeldsund, samt gjestehamn i samarbeid med lokale reiselivsaktørar og kommunen, der ovannemnde båtruter syter for transport til severdigheitane i Herøy
  • eit strategisk oppkjøp av landområde i Myrvåg for vidare utvikling av nødvendige tenester
  • at fiskerinæringa  gjennom kommuneplanen vert sikra høveleg sjøareal og tilkomst, og sikre at vi har mottak for dei mindre fiskefartøya. Dette for å legge til rette for at ungdom som vil etablere seg i fiskeriyrket skal kunne gjere det utan å måtte forlate heimkommunen for ofte
  • å sikre vidare drift av isanlegg i Fosnavåg
  • å arbeide opp mot sentrale politikarar for fjerning av formuesskatt på arbeidande kapital for verksemder og enkeltpersonføretak
  • å få eit klart nei til eigedomsskatt
  • å oppretthalde offentlege servicetenester, som eige lensmannskontor og landbrukskontor
  • at arbeidsinnvandrarar må integrerast på ein hensiktsmessig måte i Herøysamfunnet
  • å støtte opp om lokale bedrifter ved inngåing av innkjøpsavtaler
  • å behalde kommunen sin eigarandel i Tussa Kraft som inntektskjelde for framtidige generasjonar

Ressursar og miljø Kommuneplanen er eit viktig arbeidsdokument og må rullerast kvart fjerde år. Ein må leggje stor vekt på naturvern og eksisterande miljø ved kommunal planlegging og utbygging.

Senterpartiet vil arbeide for

  • at Herøy skal vere ei grøn kommune
  • at framtidige investeringar for Herøy kommune skal ta etiske og miljømessige omsyn
  • eit reinare sentrum, med synlege søppelbøtter og jamleg reingjering
  • offentlege toalett ved gjestehamner og i turområde
  • at lokalmiljøa sitt syn må vektleggast i plan- og avgjerdsprosessen
  • at landbruksjorda må takast vare på
  • å gjere meir for å kome fram til interkommunalt samarbeid om kommunale tenester. Herøy kommune må samarbeide med nabokommunane om arealdisponering
  • at det vert satsa på miljøvennlege nyvinningar
  • at Herøy skal vere eit godt forbilde når det gjelder kjeldesortering
  • å ta vare på urørt natur, difor vil vi ikkje støtte utbygging av vindmøller
  • at kloakksystemet må utbetrast, og at alle husstandar må bli tilkopla godkjent kloakksystem
  • eit interkommunalt krematorium for dei som ynskjer det
  • å få ei viltforvaltning som i større grad tek omsyn til jordbruk og butrivsel

For Herøy Senterparti er ingen saker for små.
Ta gjerne kontakt med oss om saker du brenn for.

Partiet for heile kommunen!

Senterpartiet i Herøy – nær deg!