Meny
Ordførarkandidat, Tove Halse Digernes

Kommunevalprogram 2023-2027

Dette er den politiske plattforma som vi går til val på for komande periode. Vi har bretta opp ermane og er klar til å gjere ein jobb for innbyggjarane i Ørsta! 

Heim og familie

Alle barn har rett til ein trygg og god oppvekst. Senterpartiet har m.a. vore med på å vedta at vi skal ha gratis kjernetid i SFO, og at barnetrygda skal haldast utanfor ved utrekning av sosialstønad. Vi vil utjamne sosiale skilnadar for å medverke til god livskvalitet for alle.

Viktig for oss:

  • gode og trygge oppvekstvilkår
  • trafikktrygge vegar og stoppestadar til skule og barnehage
  • å få Ørsta kommune med i Trygg trafikk si merkeordning, “Trafikksikker kommune”, og gjennomføre “Barnetråkk” for å registrere kvar born går til/frå skule og barnehage
  • byggeklare tomter i sentrum og på bygdene, helst ved fortetting eller å nytte areal som ikkje er eigna til landbruksføremål
  • endre kommunedelplanar for betre utnyttingsgrad i sentrum, også i høgda for å styrke jordvernet
  • redusert fartsgrense i bustadområde og på vegar ved skulane og barnehagane
  • full barnehagedekning i heile kommunen
  • bemanningsnorma i barnehagane skal gjelde i heile opningstida
  • barnehagane skal fremje læring gjennom leik
  • fagkompetanse og ressursar til å hjelpe alle born
  • kommunen må nytte seg av tilboda frå Husbanken for å skaffe lån og tilskot til bustadprosjekt og eigna bustadar for grupper der behovet er stort.
  • arbeide for kommunal “leige til eige”-ordning med startlån for å få fleire inn på bustadmarknaden
  • arbeide med vidare utbygging av gang- og sykkelveg langs fylkesveg 655 Ørsta Vatne/Bjørdalskiftet, og andre utsette vegstrekningar
  • ferdigstille områdeplan for Sæbø og andre utviklingsområde

Barn og ungdom

Ørsta senterparti ser arbeidet med barn og unge som svært viktig. Vi vil ha ungdomstiltak som skaper trivsel, og førebyggje rus og ungdomskriminalitet. Ørsta senterparti er opptekne av å styrke barn og unge si psykiske helse. Det er alvorleg at fleire unge opplever utanforskap. Det er viktig at alle har høve til deltaking og at dei opplever sosial aksept og inkludering, både i fritid og på skule. Vi er uroa over auken i psykiske lidingar blant barn og unge.

Viktig for oss:

  • styrkje frivillige lag og organisasjonar slik at dei saman med kommunen kan tilby fritidsaktivitetar og møteplassar for barn og unge. Det må særleg satsast på grupper som kan falle utanfor
  • samarbeide med ungdom for å utvikle eit mest mogleg variert tilbod for alle 
  • styrkje lågterskeltilbod og møteplassar for ungdom i skulen og på fritida og sørge for vidare drift av “Kaihuset”
  • sørge for at helsestasjon for ungdom får halde fram med å ha ope på ettermiddag
  • arbeide inn mot styresmaktene for å auke kapasiteten i barne- og ungdomspsykiatri
  • tilrettelegge for mekkeplass/motorsportanlegg for motorinteressert ungdom i samarbeid med lokalt næringsliv og ungdom
  • kort ventetid for barn og unge som treng psykisk helsehjelp
  • økonomisk støtte til nærmiljøtiltak på bygdene
  • prioritere auka ressursar til helsesjukepleiarar i skulane
  • halde fram med ordninga Fram Flexx for å gi eit eit tilpassa
  • kollektiv-/busstilbod for ungdom i heile kommunen

Barnehage og skule

Ørsta senterparti vil at Ørstabarnehagen og Ørstaskulen skal vere for alle. Å satse på barnehage og skule meiner vi er den viktigaste vegen for å bygge samfunn for framtida. Det må tilførast nok midlar slik at vi har tilstrekkeleg og kvalifisert bemanning for å gi best mogleg kvalitet i opplæringa. Barn og unge som treng det, må få hjelp tidlegast mogleg. Tidleg innsats førebyggjer utanforskap, og skulane og barnehagane har eit særskilt ansvar for å hindre utanforskap.

Viktig for oss:

  • likeverdig pedagogisk tilbod uansett kva skule eller barnehage ein går på
  • sikre at skulane er i stand til å gi tilpassa opplæring til alle elevar
  • sikre kvalitet på opplæringa ved å tilsette lærarar og barnehagelærarar med relevant kompetanse og utdanning
  • prioritere rettleiing av nyutdanna lærarar og barnehagelærarar i samarbeid med Høgskulen i Volda gjennom “Nytt på nytt”-ordninga, søkje midlar frå Utdanningsdirektoratet til rettleiarar i lokale skular/barnehagar
  • legge til rette for seniortiltak som gjer at fleire kan stå lenger i arbeidet i skulen
  • auka grad av heiltidskultur
  • oppretthalde ungdomsskulane på Sæbø og Vartdal
  • trafikktrygge av- og påstigingsområde, i ei “hjertesone” ved skular og barnehagar (ref. Trafikksikker kommune)
  • halde fram med innovasjonscamp og oppretthalde nær kontakt mellom kommune/næringsliv/skule
  • framleis vere aktive pådrivarar i prosessen med bygging av Ørsta vidaregåande skule/kompetanseklinikk for tannhelse
  • fleire lærlingplassar i kommune og lokalt næringsliv
  • behalde og arbeide for nye linjer ved Ørsta vidaregåande skule
  • jobbe for eit samlande skuletilbod på Dalane

Kultur og idrett

Vi er stolte av å ha eit stort og allsidig areal for idrett- og kulturliv midt i Ørsta sentrum, med den nye Ørstahallen som eit naturleg midtpunkt. På bygdene har vi idrettshallar, ballbingar og fotballbaner som stimulerer til aktivitet og samhald. Alt dette har vorte skapt gjennom samarbeid mellom kommune, frivillege lag, organisasjonar og lokalt næringsliv. Det gir innbyggjarane våre rikhaldige tilbod som bidreg til trivsel, samhald og identitet, og gjer oss til ein attraktiv kommune å bu i. Ørsta senterparti vil halde fram med å satse på idrett- og kulturliv i heile kommunen.

Viktig for oss:

  • aktivt og gjensidig samarbeid mellom kommunen, lag og frivillige organisasjonar
  • vere ein aktiv støttespelar og rettleiar inn mot idretten i kommunen, slik at idretten kan utvikle seg og gi gode tilbod til alle i heile kommunen
  • byggje nytt kulturhus som del av nye Ørsta vidaregåande skule
  • utvide opningstida og styrke biblioteket som ein sosial møtearena for læring, formidling og integrering
  • bygge nytt symjebasseng i tilknyting til fleirbrukshallen
  • vidareutvikle Ørsta skisenter og aktivitetstilboda på Bondalseidet/Eitrefjell
  • støtte vidare drift av Ørsta og Volda ballettskule
  • gi tilskot til grendehus, forsamlingshus, idrettsanlegg og nærmiljøanlegg
  • fremje og motivere for bruk av nynorsk både i det offentlege og i privat næringsliv
  • sikre årlege løyvingar til kulturskulen, festivalar, unge kunst- og kulturutøvarar og andre frivillege kulturtiltak
  • sikre kulturmidlar til songkor og korps, som viktige kulturformidlarar
  • sikre økonomien til Fellesrådet for kyrkjene og sette av ressursar til å halde kyrkjene og kyrkjegardane i god stand
  • merking av kulturminne og andre historiske område/hendingar


Folkehelse og omsorg

Ørsta senterparti ser på førebyggande helsetenester som eit samfunnsansvar som er med på å sikre alle føresetnader for eit god liv med god helse. Vi vil legge til rette for ein aktiv og sunn livsstil for alle, fordi god helse og gode levekår heng saman. Dette vil òg bidra til å redusere sosial ulikskap. Helsevanar som er etablert tidleg i livet påverkar sjansane til å lukkast betre i skulen og i arbeidslivet. Det er viktigare å førebyggje enn å reparere. Vi ønskjer større fokus på helsefremjande tiltak, folkehelse og rehabilitering. Eit sterkt offentleg helsevesen garanterer likeverdige tenestetilbod.

Viktig for oss:

  • omsorg- og helsetenester skal drivast i kommunal regi og innbyggjarane skal kjenne seg trygge på at der er eit hjelpetilbod når dei har bruk for det
  • alle som har ein utfordrande helse- og livssituasjon skal ha tilbod om bustad, arbeidsplass og utdanning i eige lokalsamfunn
  • målretta førebyggjande helsetenester og stimulere til meir fysisk aktivitet
  • fast tilsett helsepersonell gir trygge brukarar og pårørande, og vi ynskjer mindre bruk av vikarbyrå
  • eldre og uføre skal få bu heime så lenge som mogleg, difor er godt utbygd heimeteneste viktig for å sikre tryggleik
  • styrke rehabiliteringsarbeidet i kommunen
  • dei som treng det skal få tilbod om omsorgsbustadar, heimesjukepleie og tryggleikstelefon
  • sikre eit mangfaldig tilbod av dagaktivitetar for alle som treng det
  • tilbod om familierådgjeving, støttekontakt og besøksheimar
  • ei god og sikker legeteneste
  • samarbeide med frivillege redningstenester
  • oppretthalde talet på sjukeheimsplassar i kommunen
  • framleis ha desentralisert heimesjukepleie på Sæbø og Vartdal
  • arbeide for å oppretthalde dagens akuttfunksjon ved sjukehuset i Volda med tilbodet som det er i dag, inkludert ei fullverdig fødeavdeling
  • sikre nok bemanning på helsestasjonen for å oppretthalde tenestenivået
  • meir heilskapleg folkehelsearbeid i kommunen, turstiar og helseløyper for alle
  • prioritere midlar til vedlikehald og oppgraderingar av allereie etablerte anlegg i friluftsområde som t.d. benkar, bålplassar, turstiar m.m. 

Samferdsel og kommunikasjon

Gode og trygge kommunikasjonar er svært viktig for innbyggarane og næringslivet i alle delar av kommunen. Dette gjeld både veg, gangvegar, fiber, ferje og fly.

Viktig for oss:

  • realisering av nytt flyplasskryss
  • alternativ vegløysing over Ørstaelva lokalisert nærare idrettsparken for å unngå tungtrafikk gjennom eksisterande bustadfelt på Ose
  • planlegge og realisere Ørstafjordkryssinga og Voldatunnelen
  • arbeide for hurtigbåtanløp på Rjånes
  • trygge og effektive kryssløysingar E39/bustadfelta, til dømes Rystefeltet/Industrivegen, Anders Hovden gate og Hovdebygda
  • betre kollektivtilbod og utvida ringrute i sentrum/flyplassen/Hovdebygda
  • utbetring/rassikring av Vartdalstranda og god rutefrekvens/nattferje Festøya- Solavåg
  • at traseen for kyststamvegen E-39 skal gå om Festøya
  • opprusting og fast dekke på kommune- og fylkesvegane
  • meir gang- og sykkelvegar, t.d. fylkesveg 655 Ørsta - Vatne/Bjørdalskiftet, Liadal og Barstadvik
  • gang- og sykkelveg til flyplassen
  • oppretthalde og utvide rutetilbodet til ferja på Hjørundfjorden, inkl Skår
  • oppretthalde skyssbåten på Hjørundfjorden
  • realisering av Torvmyrvegen i samarbeid med Volda kommune
  • starte arbeidet med realisering av Leitevegen
  • sikre operativt naudsamband i heile kommunen
  • å oppretthalde direkteflyrutene til Oslo/Bergen og arbeid for direkterute til Trondheim
  • sikre at delar av flytilbodet ikkje vert konkurranseutsett

Energi, miljø og klima

Ørsta senterparti vil ha ei sikker energiforsyning i heile kommunen. Vi ønsker ei sterkare miljøsatsing og meir midlar til skred- og flaumførebygging. Ørsta kommune bør satse på vedlikehald av kommunale bygg for å sikre mindre miljøpåverknad. Ørsta senterparti seier ja til dei gode og jordnære klimaløysningane som både kuttar utslepp og gir ny industri og arbeidsplassar.

Viktig for oss:

  • produsere meir fornybar energi og støtte oppgradering av vasskraftverk
  • kommuneplan for energi med oversikt over tiltak som må til for å nå vedtekne klimamål og plassere eit tydeleg ansvar for gjennomføring i kommunen
  • sette klimakrav i offentlege innkjøp og oppmode om å handle lokalt
  • satsing på Enøk-tiltak og etablere solcelleanlegg og varmepumper i alle kommunale bygg der det er mogleg
  • tett samarbeid med Telenor og Linja for sikker el-forsyning og beredskap i heile kommunen
  • at kommunen har elbilar tilgjengeleg i bilparken
  • vurdere bygging av sykkelhotell i Ørsta sentrum for å stimulere til meir bruk av sykkel til sentrum
  • større løyvingar til skred- og flaumførebygging
  • aktivt skogbruk med skjøtsel og nyplanting for effektiv CO2-fangst
  • jobbe for at skogen skal verte ein del av klimarekneskapen
  • styrke arbeidet mot marin forsøpling og plastforureining
  • redusere matsvinn i Ørsta kommune sine institusjonar, skular og barnehagar
  • Ørsta kommune skal framleis vere største aksjonær i Tussa og hovudkontoret skal vere i Ørsta
  • støtte opp om lokalproduserte varer og rein, norsk matproduksjon
  • god utnytting av lokale ressursar, t.d. beiting

Næringsliv og handel

Ørsta har gode føresetnader for vekst i næringslivet med flinke fagfolk, moderne teknologi, små og store verksemder med endringsvilje og reiseliv basert på naturbaserte opplevingar. Kommunen skal ha ei positiv og aktiv haldning til næringslivet, og vere med som ein partnar i næringsutvikling for å skape
arbeidsplassar og innovasjon.

Viktig for oss:

  • gode rammevilkår for næringslivet med tilgang på variert næringsareal
  • å stimulere til arbeidsplassar og lærlingplassar for ungdom
  • støtte grundarar og verksemder med innovasjon og utviklingsplanar.
  • oppretthalde Ørsta Næringskontor
  • etablere innovasjonssenter/inkubator for nystarta bedrifter
  • vurdere eit utviklingsselskap for næringsutvikling saman med næringslivet
  • vidareføre det lokale næringsfondet
  • vere ein medspelar for lokalt næringsliv og kunne tilby tenelege industriområde
  • vidareutvikle Ørsta som handelssenter i regionen ved at kommunen tek aktiv del i utviklinga av Ørsta sentrum og har ein positiv dialog med handels- og varenæringane
  • tiltak for å styrke nærbutikkane
  • samarbeide med Ørsta næringskontor for å legge til rette for kontorfellesskap/arbeidsfellesskap for enkeltpersonar, bedrifter, gründerar og utviklingsmiljø med høve til å leige kontorplass
  • betre parkeringstilbod i heile kommunen for menneske med nedsett funksjonsevne
  • legge til rette for god skogforvaltning

Reiseliv og turisme

Ørsta kommune er turistvennleg og svært attraktiv for reiseliv. Ørsta senterparti ønskjer å legge til rette for fleire lokale arbeidsplassar i næringa, og samtidig ta vare på eigenart og miljø, og unngå masseturisme. Naturbasert reiseliv som kombinerer reise, opplevingar og mat er i vekst. Dette gir store moglegheiter innanfor næringar som forvaltar naturressursar og for lokale produsentar av reiselivsretta næring. Samtidig gir satsing på kultur i reiselivet moglegheit til å vise fram lokal historie og tradisjonar, og Ørsta som ei framtidsretta og moderne kommune.

Viktig for oss:

  • å utvikle lokalt reiseliv slik at det kjem lokalsamfunna til gode
  • aktivt bruke kulturminne og lokal historie som del av opplevingstilboda
  • å støtte aktørar som ønskjer å utvikle og marknadsføre opplevingstilbod og samarbeid som er unike for vår kommune
  • satsing på fjell, fjord, mat og kultur som reiselivsprodukt heile året
  • å støtte aktørar som arbeider for nye opplevingar og reiselivsprodukt i heile kommunen
  • betra tilrettelegging for tilreisande, som toalett, bossdunkar, straumuttak for båtar og tømeplass for bubilar
  • sikre vidare drift av digital reiselivsportal for informasjon og sal av lokale opplevingar; orsta/volda.no
  • at Norangsdalen og vegstrekningar ved Hjørundfjorden vert Nasjonal turistveg

Landbruk

Mange årsverk er knytt til landbruket i Ørsta, og landbruk er for mange bygder eit viktig grunnlag for busetjinga. Ørsta senterparti vil arbeide aktivt for å utnytte dei moglegheitene som er i landbruk og skogbruk.

Viktig for oss:

  • sikre godt landbruksmiljø ved landbrukskontoret i kommunen
  • sikre at beitemark er i bruk og stimulere til auka beiting som eit verkemiddel for bevaring av kulturlandskap, biologisk mangfald og betre miljø
  • jobbe målretta inn mot sentrale styringsmakter for å betre inntektsmoglegheitene til bøndene
  • jobbe for alternativ vegløysing over Ørstaelva lokalisert nærare idrettsparken av miljøomsyn og for å redusere forbruk av dyrka mark
  • grundig arbeid med jordvernplanen og få den raskt realisert
  • sikre at jordvernplanen omfattar heile kommunen
  • jobbe for eit aktivt jordvern
  • å sikre ei god rettleiingsteneste og lokal styring av bygdeutviklingsmidlar
  • jobbe for å få på plass lærlingordning og landbruksvikarordning i landbruket
  • sikre eit godt veterinærtilbod for produksjonsdyr i kommunen
  • styrke skognæringa, utmarksnæringar og gardsturisme
  • vidareforedling av lokale landbruksprodukt; som gardsmat, tømmer og biomasse
  • gi bøndene sjølvråderett over inn- og utmark og seie nei til nasjonalpark
  • arbeide for biogassanlegg på Melsgjerdet
  • god og langsiktig arealplanlegging slik at ein unngår unødig nedbygging av dyrka jord og støtte opp om jordfond
  • god forvalting av kulturlandskapet, utmark og skogar
  • stimulere til aktivt husdyrhald i kommunen for bruk av både inn- og utmark
  • tilrettelegge for drift ved Tine meieri Ørsta

Fiskeri- og havbruk

Fiskeri og havbruk er viktige og inntektsgjevande næringar i Ørsta. Vi vil legge til rette for berekraftig vekst i havbruksnæringa, samtidig som miljøet og livet i havet blir teke vare på.

Viktig for oss:

  • at det må takast i vare ein berekraftig villaksstamme i kommunen
  • støtte elveeigarlaga i kultiveringsarbeidet
  • verne om fiskerihamnene i kommunen
  • at fiskeressursane skal vere i nasjonal eigedom og forvalting
  • at inntekter frå havbruksnæringa kjem lokalsamfunna til gode
  • auka satsing og støtte opp om vidareforedling av fiskeriprodukt i kommunen
  • lokal matproduksjon og kortreist mat
  • ferdigstille kystsoneplanen for å avklare bruken av areala langs strendene

Kommunal styremåte

Ørsta senterparti vil at kommunale kontor og forvaltning skal vere lett tilgjengelege for publikum. Den digitale heimesida er mange sitt første møte med kommunen og det må vere enkelt å bruke den.

Viktig for oss:

  • enkel, open og oversiktleg forvalting
  • effektiv bruk av ressursar og nøktern kommunal standard
  • flytte ut statlege oppgåver og arbeidsplassar til kommunen eller fylkeskommunen
  • obbe vidare med fleire digitale løysingar for ulike kommunale tenester som t.d. velferdsteknologi
  • innbyggjarane i kommunen skal kunne få hjelp til ulike tenester ved servicekontoret
  • oppretthalde talet på kommunestyrerepresentantar for å ivareta demokratiet
  • tett samarbeid med andre kommunar på Søre Sunnmøre

Eigedomskatt

Ørsta senterparti er i utgangspunktet motstandar av eigedomskatt, og vil heller ikkje auke satsen utover to promille.