Stranda Senterparti 2023-2027
- Helse og omsorg
• Utnytte betre ressursane gjennom førebygging, kvardagsrehabilitering og auka satsing på folkehelsearbeid
• Effektiv og framtidsretta bruk av bygningsmassen
• Balansere bruk av heime- og institusjonsteneste
• Auka satsing innan rus- og psykiatritenesta
• Auka innsats i demensomsorga
• Oppretthalde ambulansetenesta i heile kommunen på dagens nivå.
• Sikre gode barneverntenester
• Ha ei forsvarleg eldreomsorg i alle bygdelag
• Oppretthalde legekontora i Geiranger og på Hellesylt Det digitale samfunnet
• Auka bruk av velferdsteknologi for å styrkje og utvikle helse- og omsorgstenestene
• Auke bruken av digital teknologi i alle kommunale tenester.
- Oppvekst og kultur
Senterpartiet vil:
• Oppretthalde noverande skulestruktur med gode læringsmiljø
• Sikre funksjonelle barnehage- og skulebygningar
• Oppretthalde full barnehagedekning
• Sikre rammevilkår for dei vidaregåande skulane i kommunen, m.a. ved å støtte bygging av fleirbrukshall gjennom privat og offentleg samarbeid
• Styrkje lærlingordninga i kommunen
• Skape gode vilkår for frivillige organisasjonar, idrett og friluftsliv
• Oppretthalde eit desentralisert kulturskuletilbod
• Vidareføre ordninga med kultur- og talentprisar
• Organisere tenestene slik at ein i større grad kan sjå enkeltindividet, og hindre utanforskap gjennom tidleg og målretta innsats
• Legge nytt dekke på Mona stadion i 2024
- Integrering og inkludering
• Ha fokus på aktiv integrering av arbeidsinnvandrarar og flyktningar slik at dei trivst og buset seg i kommunen
• Utarbeide lett tilgjengeleg fleirspråkleg informasjon om tenestetilbod, kultur- og fritidsaktivitetar
• Styrkje og utvikle nynorskopplæring for barn og vaksne
• Vere positive til frivillige lag og personar som ynskjer å skape møteplassar mellom folk
- Stranda, ein kommune å vere stolt av
• Framsnakke Stranda som ein god kommune å leve og arbeide i
• Halde kommunen samla og vidareutvikle samarbeidet mellom kommunane i indre Storfjorden.
• Søkje midlar for å marknadsføre kommunen digitalt og styrke samarbeidet med næringslivet i kommunen
• Gjere seg attraktiv i møte med potensielle tilflyttarar
• Opprette ei heimeside med informasjon om aktivitetar, ledige stillingar, lag og organisasjonar m.m. for heile kommunen etter mal frå andre kommunar (www.vangivaldres.no )
- Samferdsel, kommunikasjon og beredskap
• Arbeide for
– ny veg over Strynefjellet, med arm til Geiranger
– FV 60 Røyrhus – Tomasgard
– Engeset – Hole, og bru over Storfjorden (Storfjordsambandet)
– Børdalslinja
– Styrka kollektivtilbod.
• Sikre heilårsferje til Geiranger
• Ruste opp og halde ved like kommunale vegar
• Vidareføre samarbeidet med Åknes/Tafjord IKS
• Vidareføre det gode førebyggjande arbeidet mellom det lokale politiet og innbyggjarane i kommunen, og ha eit synleg politi i heile kommunen
• Arbeide for fleire gang- og sykkelvegar i kommunen
- Næring og utvikling
• Sikre tilgangen på elektrisk kraft i kommunen.
• Støtte eit aktivt og utviklingsorientert landbruk i heile kommunen, mellom anna for å sikre råvaretilgangen til næringsmiddelindustrien og busetnaden i bygdene våre
• Leggje til rette for industriareal og attraktive bustadtomter i alle bygdelaga
• Leggje til rette for vidareutvikling av næringslivet i kommunen
• Utvikle klynger/nettverk for industrien i Stranda
• Arbeide for å redusere skatt på arbeidande kapital for å sikre næringslivet vidare vekst i Stranda kommune
- Reiseliv
• Eit levande kulturlandskap er ein føresetnad for eit berekraftig reiseliv
• Støtte opp om ei berekraftig, heilårs reiselivsnæring i kommunen
• Satse på eit reiseliv som er basert på lokal kultur, mat og naturopplevingar
• Leggje til rette for skilting, parkering og toalett i mykje nytta område.
• Støtte merking/rydding av råser
• Innføre besøksbidrag som eit berande element i finansieringa av felles tiltak for reiselivsnæringa
• Arbeide for at nullutsleppskravet i Geirangerfjorden må medføre kompenserande tiltak for å sikre inntektsgrunnlaget og busetnaden i bygdene
• Geirangerfjorden skal vere den leiande nasjonale turistdestinasjonen
- Miljø
• Energiøkonomisering i alle kommunale bygg.
• Vidareføre utskiftinga av eternittrør i drikkevassforsyninga
• Sikre jordvern ved hjelp av gode arealplanar
• Vere føregangskommune ved utvikling og bruk av hydrogen og andre miljøvennlege energikjelder
• Fullføre utbygging av gatelysarmatur til LED-lys i alle bygdelaga
• Utvikle og gjennomføre tiltak innan energi- og klimaplanen til kommunen • Montere solceller på tak der det er hensiktsmessig
• Ta vare på naturmangfaldet gjennom planverke