Meny

2 x Geir i næringskomiteen

Av Karl Kristian Langeland

Med to stykk Geir i næringskomiteen ligg alt til rette for at Senterpartiet skal få markert seg på Stortinget.

Etter knallvalet i fjor haust og 19 representantar har Senterpartiet to representantar i fleire komitear, og næringskomiteen er ein av dei.

Geir Pollestad (Rogaland) sat der også i førre periode og har god erfaring frå komiteen. Geir Iversen frå Finnmark derimot er heilt ny. 

Det er utruleg spanande å vere i næringskomiteen. Eg føler eg er litt på gyngande grunn med tanke på alle dei store oppgåvene som vi har, men eg er heldig som har både Geir Pollestad og rådgivaren Wenche som er erfarne og kan veldig mykje på dette fagfeltet. Så eg støttar meg mykje på dei no i starten, seier Geir Iversen.

Pollestad er glad for å ha fått ein lagspelar til med i komiteen.

Det er fantastisk! Vi er fleire å dele oppgåvene på og et gjev oss meir innflytelse i komiteen. Vi merkar godt at KrF, Venstre og SV har ein kvar medan vi har to. Det gjev litt ekstra pondus, seier Pollestad.

Jordbruksoppgjeret blir ei viktig oppgåve for dei to i næringskomiteen framover. 

No gir vi gass. Vi har spurt statsministeren om jordbruksoppgjeret no nyleg og vi har hatt ein interpellasjon i Stortinget om det tidlegare i vår, og intensjonen med det er å lyfte saka opp både i Stortinget og i media, seier Pollestad som ventar spent på kravet til bøndene og reaksjonen til regjeringa.

Men næringskomiteen er meir enn berre jordbruksoppgjeret. Den inneheld alt frå romfart, turisme, næringspolitikk, maritim politikk, varehandel og fiskeri sjølvsagt.

Eg håpar at eg som ny representant kan bli meir sjølvgåande snart og då håpar eg på å kunne løfte fiskeripolitikken enda meir i Senterpartiet. Eigarskapet til fisken vil vere ei av dei klart viktigaste sakene for meg. Det skal vere det norske folk i fellesskap som eig fisken! Av andre saker eg vil jobbe med framover så blir det å betre vilkåra for reindriftsnæringa viktig.
 
Rådgjevar for dei to «Geirane» i næringskomiteen er Wenche Westberg Gunnarstorp. Det å få to representantar gjer det mogleg å gå djupare inn i fleire saksfelt, meiner Gunnarstorp og peikar også på at dynamikken er ein annan i Stortinget no enn før valet. 

For eksempel så har det som i fjor var eit jordbrukspolitisk mindretal, no blitt eit fleirtal. Det gjev moglegheiter for å skaffe fleirtal for viktige næringspolitiske saker, og det jobber vi med kvar einaste dag, seier Gunnarstorp.