Meny

50 år med ordførarklubba

Av Karl Kristian Langeland

Senterpartiet i Gloppen kommune har klart det dei fleste andre senterpartilag berre kan drøyme om. Dei har hatt ordføraren i 50 samanhengande år.

28-29. mai går ordførarkonferansen av stabelen på Sandane i Gloppen kommune. Der skal senterpartiordførarar, andre politikarar og medlemmar samlast for å delta på eit mangfaldig program, og ikkje minst feire at Senterpartiet i Gloppen har hatt makta i 50 år.

Nils R. Sandal, tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, og ordførar i Gloppen frå 1987-1999, er ein av mange som skal delta på arrangementet. Han er ikkje i tvil om at det har tent Gloppen kommune å ha hatt Sp-styre i 50 år.

Haha, eg er jo litt inhabil no, men eg trur det har betydd mykje, for dei verdiane som Senterpartiet står for meiner eg har vore avgjerande for å utvikle Gloppen kommune til det den er i dag. Det er ei oppegåande kommune som har veldig gode tilbod på fleire områder og det trur eg Senterpartiet har vore ein garantist for å gjennomføre, seier Sandal.
 

Men kunne det ikkje ha vore sunt med litt skifte i det politiske styret i kommunen?

Jau, det kan ein gjerne seie, men når vi hadde ein periode og stilte til val igjen så fekk vi forny tillit. Sp er det klart største paritet i Gloppen og har vore det i lang tid. Det trur eg fortel at folk i Gloppen har vore fornøgd med dei prioriteringane og måten Senterpartiet har jobba på. Det trur eg har vore med å ført kommunen framover, seier Sandal.
 

Etter mange år som både ordførar og fylkesordførar er ikkje Sandal i tvil med kva som var det beste med å vere nettopp ordførar. 

Det var å ha ein posisjon som gjorde at ein kunne vere med å utforme eit lokalsamfunn, og det har alltid vore i mi interesse. Det å vere ordførar i ei distriktskommune var veldig givande, og det samarbeidet vi hadde både i det politiske miljøet, og ikkje minst mellom folk i kommunen, var spanande og flott. Eg fekk moglegheita til å jobbe med det eg ville, nemleg å utvikle lokalsamfunnet og jobbe mot dei kreftene som forsøkte å svekke det same lokalsamfunnet, fortel ein tydeleg entusiastisk Sandal.
 

Kor mange fleire år blir det Sp-ordførar i Gloppen?

Hehe, gjerne 50 nye år! Eg ser ikkje noko teikn i lokalpolitikken som skulle tilseie at vi er på veg nedover. Tvert i mot. Sp gjer stadig enormt gode val i kommunen, så eg trur tilliten til partiet er stort, avsluttar Sandal.

 

Fakta, ordførarar i Gloppen kommune siste femti år:

1968–1975     Ola M. Hestenes (Sp)                   

1976–1987     Olav Moritsgård (Sp)                    

1988–1998     Nils R. Sandal (Sp)

1999–2015     Anders Ryssdal (Sp)

2015– no        Leidulf Gloppestad (Sp)