Meny
Epletre i vårbløming i Drøbak 2020

Senterpartistemmer: - Det spirer i Senterpartiet

Med våren kjem håp om ei lysare, grønare og betre tid, både i naturen og politikken, men det krev at ein legg ned ein innsats, skriv Karl Kristian Langeland i denne utgåva av Senterpartistemmer.

- av Karl Kristian Langeland. arbeidar som "Lagbyggjar" i Senterpartiets Hoveorganisasjon

Det er noko med våren. Det har det alltid vore, men kanskje spesielt no i den situasjonen vi står i med koronarestriksjonar og nedstenging. I ei tid der det av og til har virka som om det meste står stille og der ingenting skjer gjeld det å finne ting å glede seg over.

For meg har det vore å sjå at det spirer. Frå ein dag til ein annan har eg sett at spirane i kjøkkenvindauget mitt har byrja å trenge seg gjennom jorda, vekse sakte, men sikkert medan dei strekk seg lengselsfullt etter solstrålane. Det har på sett og vis vore ei slags form for terapi. Eit slags lite snev av normalitet i det som har vore eit einaste langt, rart og vanskeleg år.

Karl Kristian Langeland vår 2021.png
Karl Kristian Langeland

Medlemsvekst sju år på rad

Det er heldigvis ikkje berre i kjøkkenvindauget mitt det har spira det siste året. Det har det gjort i partiet også. Senterpartiet hadde medlemsvekst også i fjor. Med det blir det sju år på rad med vekst. Det er det ingen andre parti som kan skryte av, og slikt kjem ikkje av seg sjølv. Ein må så før ein kan hauste, naturleg nok, og det er det tydeleg at partiet har gjort den siste tida. Både politisk og organisatorisk. Det er dei siste meiningsmålingane også bevis på, der vi mellom anna på supermålingane til NRK var inne med stortingsmandat i alle fylker!

Men vi kan ikkje kvile no. Våren er heilt i startfasen og spirane er så vidt i gong med å kome til syne. Skal vi få det til å halde fram med å spire, vekse og gro må vi fortsatt gjere ein innsats. Det held ikkje å sitje stille, berre sjå på og tenkje at det skal ordne seg sjølv. For det er på same måte med partiet som det er med plantene våre.

Vi har eit ansvar for at veksten skal halde fram

Vi som medlemmar må ta på oss jobben med å vere gode gartnarar, også i tida som kjem. Det er vårt ansvar å sjå til at veksttilhøva i partiet er gode. Det gjer vi med å verve nye medlemmer, og ved å ta godt imot dei som er komne inn i partiet. Det gjer vi med å ta vare på dei medlemmane som har vore med i årevis, med å sende dei ei lita takk og oppmuntring for det gode arbeidet. Så spør ein ven, nabo eller kollega i dag om han vil bli medlem. Send ei oppmuntrande melding til ein i lokallaget.

Vi må sjå til at det er godt med «gjødsel». Det gjer vi ved å tileigne oss ny kunnskap som vi deler med andre. Det gjer vi gjennom å arrangere trivelege møtepunkt der vi kan utveksle tankar og idear, legge gode strategiar og slagplanar for kva slags Noreg vi vil ha, men også berre vere sosiale, bli kjende med kvarandre og stifte nye venskap.

Nokre gonger må vi også luke vekk ugras og anna rusk. Det gjer vi med å ta tak i haldningar og verdiar som ikkje høyrer heime i vårt parti. Det gjer vi med å halde fram med å lyfte dei politiske sakene, ikkje eigne posisjonar og maktkamp.

Vi skal vere gode gartnarar

Sjølv om det vindauget mitt på kjøkkenet har byrja å bli trongt om plassen, er det heldigvis god plass i partiet. For plantene og spirane mine nærmar det seg tida for utplanting, og det gjer det på sett og vis i partiet også. Valkampen står for døra, og i tida framover skal senterpartistar over heile landet leggje eit godt grunnlag for det som kan bli det beste valet i Senterpartiet si over 100 år lange historie. Dersom alle vi som er medlemmar tek på oss jobben med å vere gode gartnarar, har eg trua på at vi kjem kjem til å få ei fantastisk avling.

For hugs; etter våren og sommaren kjem tida då vi kan hauste.